Endeleg var dagen her! Heile 250 deltakarar fekk sjå skulen i all si prakt laurdag 28. september. Dei fleste besøkande var lokale, men mange hadde også reist heilt frå Voss og Jølster for å få med seg det årlege høgdepunktet Open økologisk gard.
Tekst: Kaarina Borud Foto: Monica Gjesdal Larsen og Spira Svendsen
Mykje moro sto på programmet, og glade elevar tok imot store og små. Me hadde fullteikna kurs i frøtaking og humlebolbygging, føredraget med Småbrukarlaget om Den eigentlege, og praktiske, verdien av økojordbruket var godt besøkt og det var dokketeater for dei minste i fullsatt sal. Moro med engasjerte besøkande!
Dei allsidige hestane våre gjekk rundar på garden i tospann med full vogn, og leik og moro haldt fram på tunet. Den hundre år gamle eplepressa var i sving, barna fekk ansiktmåling og me hadde omvising for alle som ville høyre meir om skulen.
I økokafeen, med over 90 % økologiske råvarer, gjekk både kortreist fårikål og hokkaidosuppa unna, med påfølgjande eplekake og kokka Elise si heimelaga vaniljesaus. Graskarpaien var folk litt skeptiske til, men dei som smakte var veldig fornøgde.
Frå morgonkvisten og ut heile dagen pågjekk kåringssjå med dømming av vêrane for fullt, det var mange bønder som hadde teke med seg sauane sine til dette. Dommarane frå Norsk Sau og Geit diskuterte engasjert ull og beinstilling m.m. og gav poeng.
Like før Open økologisk gard vart det født ein liten kvigekalv som ikkje hadde fått sitt nye namn enda. Alle fekk kome med forslag på kva den nyfødte skulle heite. Mora heiter Fjellros, og det var dei som arbeider med husdyra på garden som fekk kåra vinnarnamnet: Vidda!
Mange mette og glade besøkande, elevar og tilsette fekk avslutte dagen med allsong rundt bålet på tunet, ei riktig stemningsfull stund. Me takkar for ein nydeleg dag og ønsker velkomen att til neste år!
- Åpen økologisk gård har blitt arrangert årleg sidan 2011, og målet er å bidra til auka kunnskap og engasjement rundt økologisk og biodynamisk landbruk.
- Økologisk Norge er prosjekteigar og Biologisk-dynamisk Forening er samarbeidspartnar.
- Les meir om prosjektet her.
- Arrangementet vårt er også ein del av den nasjonale ØKOUKA, eit samarbeid mellom 13 aktørar og organisasjonar.
Klikk på bileta for å sjå dei i større utgåve.
- Velkomen til gards! Foto: M.G.L.
- Endeleg Open økologisk gard 2019. Foto: M.G.L.
- Eit skritt av gangen. Foto: M.G.L.
- Besøkande kunne presse eple frå ei hundre år gammal presse. Foto: S.S.
- Store barn fekk også ansiktsmåling. Foto: S.S.
- Potetløpmester. Foto: M.G.L.
- Hestar i tospann. Foto: M.G.L.
- Omvising på garden, her i markedshagen. Foto: M.G.L.
- Tunet med infobod. Foto: S.S.
- Kven vinn potetløpet? Foto: M.G.L.
- Sola skein. Foto: M.G.L.
- Open økologisk gard er eit nasjonalt prosjekt og del av ØKOUKA. Foto: M.G.L.
- Full fart på gardsplassen. Foto: M.G.L.
- Kurset med humlebolbygging var fullteikna. Det lovar godt for humlane! Foto: M.G.L.
- Kåringssjå heile dagen. Foto: M.G.L.
- Dommarane frå Norsk Sau og Geit vurderte t.d. beinstilling og ull. Foto: M.G.L.
- Dokketeater for dei minste. Foto: M.G.L.
- Gardsbutikken var open. Foto: S.S.
- Engasjerte besøkande. Foto: M.G.L.
- Sommarfugl eller tiger? Foto: M.G.L.
- Ung sommarfugl. Foto: M.G.L.
- Frøtakingskurs, her med frø frå Hokkaido. Foto: S.S.
- Graskarfrø til neste års dyrking. Foto: S.S.
- Ferskpressa og ureist eplesaft i gardsbutikken. Foto: S.S.
- Hald balansen! Foto: M.G.L.
- Smilande tiger. Foto: M.G.L.
- God stemning rundt bålpanna. Foto: M.G.L.
- Det var koseleg å samlast på tunet. Foto: M.G.L.
- John Sigve heldt humlebolkurs. Foto: M.G.L.
- Tittei! Foto: S.S.
- Allsong og musikk avslutta Open økologisk gard 2019. Foto: S.S.