Lærerikt og inspirerande på Dyrsku’n

Vg3-klassen brukte ei helg i Seljord for å delta på årets Dyrsku’n. Dei hadde med seg  ferske økologiske grønsaker, eple og sjølforedla produkt. Det blei ei innhaldsrik og suksessfull helg på Noreg si største landbruks- og varemesse, som har rundt 90.000 besøkande. 

Elevane i Vg3 stod på i fleire dagar for å gjere alt klart til Dyrsku’n, ein av norsk landbruk sine viktigaste møteplassar med ei historie på over 150 år. Det er ei samansmelting mellom den nyaste landbruksteknologien, smarte løysingar, tradisjonelle reiskap og gamle husdyrrasar. Her stilte skulen med stand for andre året på rad, både for å informere om skulen og for å selje ferske økologiske produkt. Elevane har jobba i ulike grupper som har hatt ansvar for førebuing på ulike område. Det er mykje arbeid som må gjerast i forkant av ei slik helg; Kva skal tomatane koste? Skal purren seljast per kg eller per stk? Og korleis skal denne grønsaksboden eigentleg setjast saman? Resultatet blei ein innbydande og triveleg stand, der elevane fekk god kontakt med kundar og andre interesserte. Kanskje ser me nokre av kundane som elevar til neste haust?

Nytt av i år er at SJH delte stand med Økologisk Norge, den viktigaste interesseorganisasjonen i Noreg for økointeresserte bønder, forbrukarar og bedrifter. Eit naturleg samarbeid som skapte eit økologisk hjørne på Dyrsku’n der dei som vitja messa kunne skaffe seg informasjon og bli inspirert. Det er viktig å syne fram kvifor me ynskjer å drive økologisk og kvifor me meiner det er viktig og rett – særleg på eit så viktig arrangement som Dyrsku’n jo er for landbruks-Noreg.

Even, Monica og Bjørg var med som lærarar frå skulen, og hjalp til saman med Vg3-arane. Når elevane ikkje hadde vakt på standen, der dei mellom anna serverte kål-i-kål og rykande varm hokkaido-suppe, fekk dei mykje tid til å dra rundt og sjå på alt som fanst der av matvarer, handverk, maskinar, traktorar, dyr og utstillarar i alle slags kategoriar. Det blei knytta nye kontaktar og bekjentskapar, og nokre greidde å gjere eit skikkeleg kupp. Her kunne alle finne seg noko interessant, og eit rikt program med demonstrasjon av alt frå sædtapping av oksar og klypping av sau til lafting i tre og andre gamle handverksteknikkar opna augo for mange. I tillegg var det spennande debattar og dyktige fagfolk til stades slik at elevane som deltok no kan gå inn med ny giv og mykje inspirasjon vidare i agronomutdanninga si.

Dyrsku’n og neste års Vg3 kan glede seg til at SJH kjem på besøk igjen i 2020!