To ystekurs til hausten

Ysteriet på SJH er under full oppgradering og nyopnar hausten 2019 i ei større og smartare utgåve. Det er allereie planlagt to kurs som er opne for påmelding:

Innføringskurs i ysting 28.10-01.11 2019

Kurs i lokal foredling av mjølk, del 2 04.-09.11.2019

Det vert arrangert eit nytt innføringskurs og deretter kurs i lokal foredling av mjølk, del 1 i januar/februar 2020. Dersom du er interessert i å få tilsendt informasjon når datoane er bestemt, kan du alt no sende ein e-post til paamelding.sjh@sfj.no. Del 1 og del 2 kan tas uavhengig av kvarandre, men ein bør ta innføringskurs eller tilsvarande fyrst. Meir info finn du via lenkene over. Velkommen på kurs!