Husdyrfolket på SJH har all grunn til å føle seg kry over den gode jobben dei gjer året rundt. Skulegarden har nyleg motteke fleire påskjønningar; Nortura sin kvalitetspris og tallerken for godt lammeslakt, og femårsplakett for elitemjølk frå geit.
Det spirer og gror rundt omkring på skulegarden, og utanfor fjøset byrjar dyra å kjenne sola varme når dei luftar seg. Når markene blir grønare og gåsungane sprett fram på trea blir vi minna på alt det nye livet som kjem til gards – både på åkeren og inne i fjøset – og som me er så heldige å få vere med på å bere fram og hauste av.
I sauehuset går søyene nyklypt og lammetunge og våren sitt vakraste eventyr, lamminga, er berre nokre veker unna. Då er det ekstra kjekt å vite at økoskulen, som ein av hundre andre bønder i landet, har blitt tildelt Nortura sin kvalitetspris 2018 og tallerken for god kvalitet på lammeslakt. Her er det faktorar som slaktevekt, rett feittgruppe og plassering på EUROP-skalaen som har noko å seie. At skulen er i landstoppen når det gjeld kjøtkvalitet syner at det skjer eit godt arbeid her på garden, samt at økologisk produksjon kan vere vel så god på kvalitet som konvensjonell.
Alle som har arbeidsoppgåver ved husdyravdelinga her på skulen tek vel imot prisen. Ein slik pris i seg sjølv er ikkje kva dei vektlegg i det daglege. Dei jobbar heller heile tida for at dyra skal ha det best mogleg, men sjølvsagt for kvalitet i alle ledd, det er det som er hovudoppgåva.
Det er veldig kjekt å få ei slik påskjønning frå slakterisamvirket Nortura. Det er mykje som har betydning for kvaliteten på slakta ein sauebonde leverer. Fôring, avlsmateriale, beiteområde og mange andre faktorar. At skulen får pris for lammeslakta sine syner at det er god kvalitet i alle ledda i produksjonen, noko som krev gode rutinar og engasjement i arbeidet.
– Fjøsmeister Even
Gjengen på biletet har hovudansvaret for dyra, men alle elevane på skulen deltek i drifta både i undervisning og i fjøsvekene dei har gjennom året. I så måte er det kjekt for elevane at skulegarden mottek ein sånn pris, når dei sjølv har vore med på å ta imot, fostre opp og sanke lamma!
Og det er ikkje berre lamma skulen leverer som er av god kvalitet. Geitemjølka som skulen både nyttar i eigen ysteriproduksjon men som òg vert send til Tine, har i år blitt heidra med femårsplaketten, som stadfester at skulen har levert såkalla Elitemjølk til Tine på kvar einaste leveranse gjennom fem år. Det er eit kvalitetsmerke og mjølka må vere av aller ypperste klasse på alle område – mellom anna celletal og bakterietal – for å kunne verte kvalifisert som elitemjølk. Plaketten syner at det er fokus på kvalitet, dyrevelferd og hygiene i mjølkefjøset.
Så får me håpe at lamma som årets Vg2-elevar skal vere med på å ta imot frå slutten av april kan verte gode slakt som skaffar skulen Kvalitetsprisen neste år òg!