Er du interessert i ei høgare, yrkesfagleg utdanning innan økologisk landbruk? Da er fagskule tingen! Utdanning til agroteknikar i økologisk landbruk gir god kompetanse om jord og jordøkologi, økologisk planteproduksjon og husdyrhald, samt økonomisk styring og næringsutvikling på ein landbrukseigedom. Fagskulestudiet går på deltid over to år, med ti samlingar kvart år. Noko nettundervising/rettleiing kjem i tillegg. Samlingane finn stad både på Hvam videregående skole og Sogn Jord- og Hagebruksskule. Les meir om fagskule i økologisk landbruk her.
Søknadsfristen for opptak til hausten 2019 er 15. april.