Økologisk entreprenørskap – samling i Sverige

Deltakarar i sola ved Sigtuna.

11.–15. februar 2019 deltek Jorunn Barane og Aksel Hugo frå SJH på den tredje samlinga i Erasmus+ prosjektet om økologisk entreprenørskap. Denne gong møtast vi ved CEMUS i Uppsala, Sverige, og fokuset er på studentinvolvering.

Tekst og foto: Jorunn Barane

No gjennomfører vi den tredje samlinga i Erasmus+ prosjektet, denne gong i Sverige. Vi er i Uppsala, der det første universitetet i Norden blei grunnlagt allereie i 1477, og skal møtast på CEMUS (Uppsala Universitet og Landbruksuniversitet sitt senter for miljø og utvikling). CEMUS er eit tverrfagleg senter med ambisjon om å bidra til ei meir rettferdig og bærekraftig verd. Mange av kursa og aktivitetane ved CEMUS er forma og drivne av studentar i tett samarbeid med universitetet. Her jobbar Isak Stoddard og Jan van Boeckel som er våre kollegaer. Vi får møta studentar og tilsette både gjennom seminar, verkstader, vandringar og godt selskap. Fokuset på denne samlinga er studentinvolvering og korleis den enkelte student kan ta meir ansvar for eiga undervisning. Og det meir overordna spørsmålet: korleis har utdanning utvikla seg frå dei første universiteta – og kva endringar må skje for å gje ei utdanning for det som verda treng i dag?

Innføring i CEMUS – studentinvolvering i utdanninga. Den første dagen får vi omvising og samtalar både med studentar og tilsette. Vi får høyra om korleis CEMUS starta opp som resultat av studentar som meinte universitetet må ta på alvor den økologiske, økonomiske og sosiale krisa verda står inne i, men og om korleis studentane er aktivt med i dag i utvikling av nye kurs og aktivitetar (sjå modellen under).

Deretter er det vandring i Uppsala for å forstå staden og utviklinga av utdanningshistoria som vi alle er ein del av. Vi tar opp tråden frå København-møtet vi hadde i september 2018 og alle deltakarar får presentert deira institusjon og rolle i prosjektet. CEMUS ved Isak Stoddard presenterar sine metodar for studentinvolvering og utvikling av deira undervisningsmodular.

Stiftinga Sigtuna – dialog og kulturell berekraft. På ettermiddagen tysdag reiser vi på utflukt med tog og buss til Sigtuna. Sigtuna var den første hovudstaden i Sverige – ein samlingsstad, eit vegkryss og nettverk for heile Europa i vikingtida. Hit kom også vår eigen Olav den heilage ofte forbi, ruinar etter ei stor Olavskyrkje står att, her hadde han skyldfolk og sette igjen dottera si Ulvhild når han skulle på tokt austover.

Stiftinga Sigtuna er eit senter for berekraftskonferansar i dag kor kunst, kultur og det sosiale har ein stor plass, der også CEMUS er involvert. Staden er inspirerande og autentisk; alle rom er estetiske og avspeglar identiteten og verdiane dei står for.  Altså eit konferansesenter for samfunnsutvikling, forsking, tverrfagleg læring og integrering av alle kulturar i samfunnet. Staden må berre opplevast – sjå program for kurs og festivalar her.

Vi skal ha seminar og omvising med direktør Alf Lindermann ved Sigtuna-stiftinga. Her vert vi godt mottatt først med «fika» altså kaffi, kaker med krem og frukt i den flotte atriumshagen. Sigtuna er ein vakker stad med ein heilt unik atmosfære er bygd som ein blanding av eit svensk slott og eit italiensk kloster. Staden er eit kultursenter for dialog og refleksjon for å finna vegen framover, opna nye dørar og perspektiv i å skape framtida. Her er det lagt opp til å forstå heile mennesket og nye måtar å sjå seg sjølv og andre på, for slik å finna vegen framover ilag. Gjennom sitt førdrag fortel Alf Lindemann oss om korleis ein slik liten stad kan ta leiing i å gjera ein forskjell, ved til dømes å leggja til rette for fredsavtalar. Han fortalte om korleis denne transformasjonen og utviklinga gjekk føre seg både historisk og i dag.

Øvingar med form og formforvandling. Jan van Boeckel er kunstlærar, antropolog og filmskaper. Han er føredragshaldar innan visuell kunstutdanning ved Gøteborgs universitets akademi for design og handverk, og gjestelærer og forskar ved CEMUS, Uppsala. Han er med oss store deler av denne veka og gjennomfører formingsverkstad på kvelden i Sigtuna. Dette for å erfara form og forvandling og forska på temaet vårt gjennom arbeid med leira; vi må skifta perspektiv og gå inn i nye rom.

Seminar – kva treng verda og studentane? Vel tilbake i Uppsala har studentane ved CEMUS planlagt seminar med oss der vi er deltakarar med temaet «Pluralistisk økonomi i praksis», tilrettelagt av Laura Merz and Johnny McCreesh. Torsdag morgon startar vi med vandring tilrettelagt av Daniel Mossberg, kalla «Re-emergence/Emergency Walk – Learning, Knowing and Acting in a changing world», den kan lesast meir om her. Det er fint med alle vandringane i det fine vårvêret i Uppsala. Det gjev oss moglegheit til å bli kjende med nye folk som er opptatt av same tema. Så er tida kommen til det store offentlige seminaret torsdag ettermiddag, der temaet er: Spaces for (un)learning in an age of ecological unravelling, omtrentleg på norsk: Å skape rom for (av)læring i ei tid av raknande økologi. Salen vert brått full av nye fjes, inviterte gjester, studentar og tilsette frå ulike avdelingar ved både universitetet og NGO-ar. No vert det fart i sakene. Isak hadde førebudd og leiar seminaret med stø hand. Vi startar med TV-intervju på direkten for å presentera prosjektet for dei som kjem utanfrå. Deretter deler vi oss i grupper, får utdelt «ei bok» med ark der vi skal skrive svar på fire spørsmål kring (1) kva me i utdanning treng «slutte med å gjere» og (2,3) korleis utdanninga bør sjå ut i framtida og (4) korleis dei fyrste stega kan sjå ut.

Her er det verkeleg liv og røra, energien står høgt i taket. Det er samla folk som ynskjer å gjera ein forskjell basert på verdiar og nytt samspel. Her opplever vi «verdiskaping i møtet»;  mange nye kontaktar og nettverk vert skapt denne dagen og rundt måltidet på kvelden.

Fredag føremiddag avsluttar vi for denne gang med evaluering og framblikk til siste samling som vert siste veka i september (veke 39) i Aurland. Vi diskuterer også ny Erasmus+ søknad som skal leverast innan 21. mars 2019. Det gjeld å halda hesten i trav når ein er så godt i gang.