Birøkt og tindved i Lærdal

I tillegg til å vere lærar på SJH er Marco Neven birøktar og bærdyrkar. På andre sida av den lange Lærdalstunnelen held han og hans 80 bikubar og 8 dekar med tindved til. Vg3 tok turen til føretaket hans Sognebia for å lære meir om birøkt og kva utstyr som trengs for å drive med Noregs minste husdyr. I tillegg fekk me sjå tindvedfeltet hans, og besøke fryseanlegget kor han reinsar og pakkar tindveden.

Marco fekk sin fyrste bikube i 1974, då han var berre 14 år gamal. Sidan då har han hatt bier stort sett heile tida, med unntak av nokre år medan han studerte. Han har hatt fleire verv i fagorganisasjonen Norges birøkterlag, mellom anna som styreleiar. I haust vann han vestlandsmeisterskapet i honning på Voss i kategorien «fast honning».

Honningen fall i smak blant elevane!

Marco har hatt samarbeidsprosjekt i birøkt utover Noregs grenser, og han har halde kurs i næringsbirøkt for komande birøktarar. Dette er altså ein mann med lang erfaring, høg kompetanse og mykje engasjement innanfor dette temaet! Dei 80 bikubane hans er ansvarlege for pollineringsarbeidet hjå morell-, eple-, jordbær- og bringebærprodusentar i heile Lærdal, og dei produserer i tillegg eit produkt som Marco vidareforedlar til ettertrakta honning.

I lokalet kor Marco tappar honningen på glas.

Elevane fekk omvising i driftsbygninga til Marco, kor han viste og fortalte om både dronningbieproduksjon og -avl, hausting og slynging av honning, utfordringar med sjukdommar, smittefare frå importert honning og mangel på bivoks. Han engasjerte og med å fortelje kor stor etterspurnad det er både etter norsk honning – og spesielt økologisk norsk honning – og birøktarar i Noreg, og korleis ein kan klare å lage seg eit levebrød sjølv på eit småbruk med lite dyrka mark.

I tindvedfeltet. Buskane haustast annakvart år. Midt i feltet går skiljet mellom buskar som ikkje vart, og som vart hausta i år.

Etter birøktintroduksjon og honningsmaking tok me turen innom tindvedfeltet til Marco. Prosjektet med tindveddyrking starta som eit prøveprosjekt i 2014, og til no er det berre Marco og ei anna som driv med tindved for sal i Noreg. Me var ein kjapp tur innom frysehallen kor Marco ristar og reinsar tindvedgreinene etter at han har hausta dei frå busken. Tindveden må nemleg frysast for at ein skal kunne få av bæra utan å øydeleggje dei. Etter at bæra er av så må dei reinsast for smuss og dårlege bær, noko som gjerast med pinsett. Rommet er -20 grader kaldt, og prosessen er tidkrevjande. Men bæra er sunne og gode, og godt tilpassa det norske klimaet. Me er spent på fortsetjinga av tindveddyrkinga, og heiar på dei som tør å prøve ut nye produksjonar!

Her ligg tindvedgreinene i sekker på fryselageret og ventar på å reinsast.