Ledig stilling som kokk

SJH sitt kjøken har serveringsmerket i gull frå Debio – det vil seie at meir enn 90 % av maten er økologisk. For den rette kokken kjem det no ein unik sjanse til å jobba med eit stort mangfald av utsøkte råvarer rett frå garden. Frå 1. januar 2019 har skulen ledig stilling som kokk i 100 % stilling.

Ansvars- og arbeidsområde

  • administrasjon og drift av økologisk kjøken
  • nytte og vidareforedle gardens produkt frå råvare til servering
  • arbeidsorganisering for andre tilsette knytt til matlaging og drift av internat
  • matfagleg samarbeid mellom kjøken, gard og undervising

Krav til utdanning og praksis

  • Relevant fagleg utdanning
  • Kunnskap om ernæring og vegetarmat
  • Relevant arbeidserfaring innafor fagområdet
  • Fagleg interesse for økologisk landbruk og lokal matkultur

Ønska personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Relevant arbeidserfaring
  • Interesse for matfagleg utviklingsarbeid
  • Meistra norsk skriftleg og munnleg

For stillinga gjeld:

  • Løn etter gjeldande regulativ
  • Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår
  • Hjelp til å skaffe bustad og flytteutgifter vert dekka etter gjeldande reglar
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår
  • 6 månaders prøvetid

Den som blir tilsett må legge fram politiattest av nyare dato, jf. Opplæringslova §10-9.

Interesserte er velkomne til å ta kontakt med rektor Aksel Hugo, tlf. 479 70 862.

Søknad med fullstendig CV skal sendast elektronisk via lenka  her: http://rubrikk.sfj.no/vis/stillingledig/3470957

Vitnemål og attestar skal leggast fram ved eventuelt intervju.

Søknadsfrist 23. november 2018.

Om arbeidsgiver:

Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) ligg sentralt i Aurland kommune – ein vidaregåande skule med landsline i økologisk landbruk med plass til 52 elevar fordelt på Vg2 Landbruk og gartnarnæring, økologisk og Vg3 Landbruk, økologisk. Eit allsidig økologisk drive skulegardsbruk er sentralt i undervisinga. Skulen har gartneri, gardsbutikk, internat, ulike typar foredlingslokale og Ressurssenter (oppdrag, kurs og fagleg utviklingsarbeid). For meir informasjon sjå sjh.no.