Sogn Jord- og Hagebruksskule nominert til Matprisen!

SJH er ein av tre nominerte til Matprisen 2018 i kategorien Årets formidlar. Matprisen vart etablert i 2014 av ØQ – økologisk mat i storhusholdninger og DebioInfo, og går av stabelen for femte gong den 19. november på Vippa i Oslo. Matprisen heidrar dei som er med på å auke forbruket og produksjonen av økologisk og berek​raftig mat.

Det er veldig moro å få så god attest frå ein slik jury. Eg har nett gratulert kvar og ein ved skulen i ein e-post, seier rektor Aksel Hugo.

– Dei tilsette ved SJH formidlar økologi og berekraft året rundt. Då betyr det mykje at nokon utanfrå lyfter det fram og seier at arbeidet me gjer har kvalitet og er viktig, òg i ein litt større samanheng. Konkret er det òg veldig god reklame, både fagleg, inn mot næringslivet og med tanke på elevrekruttering, seier Hugo.

Rektoren trekkjer fram fordjupingsfaget i foredling på Vg2 og Vg3, der elevane følgjer gardsprodukta frå jord til bord, som eit område dei har jobba særskilt mykje med for å fremje god matformidling.

I grunngjevinga for nominasjonen skriv juryen:

«I 101 år har Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) i Aurland utdannet ungdommer og voksne i agronomi. Siden sent på 1980-tallet har skolen vært en landslinje som tilbyr utdanning i økologisk landbruk og bærekraftig samfunnsutvikling. Skolen er det opplagte stedet for alle som vil drive økologisk landbruk. SJH har gjennom kursvirksomhet utdannet mange av de som driver med småskalaysting i dag. I tillegg til undervisning av elevene, drives det på SJH et ressurssenter til glede for lokale mat- og serveringsvirksomheter. Sogn Jord- og Hagebruksskule har en unik rolle i å forme et framtidsrettet og bærekraftig landbruk i Norge.»

Les om alle dei nominerte i ulike kategoriar her.