Økologisk entreprenørskap – samling i Danmark

Copenhagen Dome – kunnskapssenter for sosialøkonomi

Norsk- og sosiallærar Marianne Skudal, rektor Aksel Hugo og prosjektleiar Jorunn Barane ved Sogn Jord- og Hagebrukskule (SJH) deltok frå 3. til 7. september 2018 på den andre Erasmus+ samlinga i økologisk entreprenørskap. Førre samling var i England januar, les meir om den her.

Tekst og foto: Jorunn Barane

Deltakarane kom frå svenske CEMUS (The Centre for Environment and Development Studies), danske Friends of the Earth, engelske Schumacher College, norske Senter for økologisk økonomi og etikk ved Nord universitet og så oss frå SJH. Vi hadde samlingsstad og arbeidsrom ved ein organisasjon ved namn Chora Connection som er eit ressurssenter for berekraftig utvikling og miljø i bydelen Nørrebro i København.

Arbeid i grupper ved Chora Connection

Dag 1: Etter velkomst frå leiaren ved Chora Connection la danske Jacob fram perspektiva dei hadde på veka med både sosialt og pedagogisk entreprenørskap, «iverksetteri» og kooperativ lokalt i området. Den raude tråden på utflukter og seminar var todelt: på den eine sida kooperative entreprenørskap og på den andre inspirasjon frå N. F. S. Grundtvig og folkehøgskulerørsla i Norden og korleis denne visjonen kan utviklast vidare i framtida.

Deretter henta engelske Tim tråden tilbake til veka vi hadde på Schumacher College i januar. Spørsmåla vi jobba med der og seminaret vi hadde i lag med bedrifter og fagfolk frå Dartington Estate vart løfta fram. Han refererte til studentane ved colleget og fortalte at dei hadde hatt eit seminar der dei arbeida med kva dei skulle gjera etter at dei var ferdige på Schumacher. Det viste seg at denne overgangen var vanskeleg for mange.

Aksel og Jorunn frå SJH la fram skisse til arbeidsveka som prosjektet skal ha i september 2019 i Aurland med strekket frå Sinjarheim til Kjølelageret, og frå fjord til bre. Korleis SJH som bedrift kan anvende og utvikle metodar og innhald i økologisk entreprenørskap. Til neste møte er heimeleksa at alle arbeidar med korleis og kor dei skal anvende “Ecopreneurship” som metode.

Danske Jacob snakkar til forsamlinga

Dag 2: Besøk på Grennessminde – for nokre energiske og profesjonelle sosiale entreprenørar! Uavhengig av statlege tilskot dei får som sosiale føretak, driv dei lønsamt sjølve. Kjernen er ein spesialskule i samarbeid med kommunale og andre bedrifter. Det er mellom anna også eit nybygd kunnskapssenter for sosialøkonomi kalla Copenhagen Domen der  og open park med turløyper, sjølvplukk av grønsaker og blomar, besøksgard med dyr og kafear.

Frodig bed på Grennessminde

Deretter var det lunsj på Svanholm landbrukskollektiv med vekt på økologi, bæredyktigheit og fellesskap. Svanholm er det største og eldste kollektivlandbruket i Danmark. Etter ein god lunsj var det vandring og forteljing om drift, utvikling og korleis det er å leva her. I fellesskapet bur det 85 vaksne og 60 barn, barnehagen ligg midt i tunet slik som på SJH. I fjøset er det 125 Jerseykyr, og det meste av mjølka vert foredla til iskrem på det lokale meieriet.

Jerseykyra som laga lokal iskrem

Siste besøk denne dagen var Jyderup højskole. Skulen er ein av Danmarks nyaste folkehøgskular som starta og fekk godkjenning i 2014. Her fekk vi servering og forteljing om N. F. S. Grundtvig og hans åndsgrunnlag og visjon som folkehøgskulane i Norden byggjer på. Frå byrjinga av skulle folkehøgskulen vera ein «skule for livet» med livsmestring og kultur, den gang eit brot med datidas latinskule. Folkehøgskulen sette samtale, dialog og det levande ordet høgt – lærar og elev skulle vera likestilte. På Jyderup har dei både korte og lengre kurs, mellom anna ‘Grøn gerilja’ og ‘Small farms’.

Forteljing om folkehøgskulen på Jyderup

Dag 3: Dagen starta med presentasjon av økolandsbymetodar og undervising i berekraft med danske Anne og Camilla. Dei har begge arbeida i det globale utdanningssystemet for økolandsbyar og vi fekk presentert og prøvd ut nokre av deira metodar. Etter lunsj var Ove Jakobsen frå Nord universitet i gang med føredrag og innføring i økologisk kretslaupsøkonomi. Om kveldane var vi ute på ulike kafear og kooperative kjøken og fekk nydeleg vegetarmat frå mange verdens hjørne.

Dag 4: Denne morgonen hadde danske Jacob lagt opp til ei vandring i Nørrebro, innom ulike kooperativ. Først skulle vi to og to fortelje om oss sjølve og vår inngang til «Ecopreneurship». Kva motivet vårt var for å vere med i prosjektet, utgangspunktet og slik bli betre kjende med kvarandre. Ved dei bedriftene som me besøkte skulle me også høyre kva for motiv dei hadde, kva motivasjon som låg bak.

Vi besøkte Københavns Cykelkooperativ, der dei fortalte om bedrifta sitt nettverk og samarbeid. Dei fem tilsette hadde overteke bedrifta då den blei nedlagd. No dreiv dei den som kooperativ. Vi var innom fleire matkooperativ i området der innehavarane og dei som jobba der uttrykte viktigheita av å stå for produkta dei skulle selja, at dei indre verdiane hang i hop med dei ytre, noko vi fekk mange døme på.

Etter lunsj byrja vi å førebu eit seminar og ta imot dei inviterte gjestene som skulle komma. Sjølve opplegget og seminaret var godt førebudd av danskane Jacob og Andreas, men her var vi alle vertskap. Det var innleiing med ei lita forteljing frå ulike college sine idégrunnlag  og spørsmålet var: Kva om vi oppfann folkehøgskulen i dag? Korleis ville den sjå ut? Korleis kan vi skapa ei ny forteljing om framtida som skapar håp og mot ?

Er det mogleg å knytte det opp mot det nye kunnskapsløftet der demokrati, berekraft, djupnelæring og livskunnskap er berebjelkar? Kva for utfordringar står vi ovanfor, treng vi ein fornya folkehøgskule, korleis støtta opp, kva treng vi å læra, korleis vil ein slik skule sjå ut og kor er den lokalisert? Eit samla motiv for det som kom fram var korleis skulen og dei som går der kan få fram sin moglegheit til å bli aktiv deltakar og ikkje berre tilskodar til det som skjer i samtida.

Dag 5: Den siste morgonen hadde vi fokus på økonomi i prosjektet, halvårsrapport som skal innleverast og ikkje minst samlinga som skal vere ved CEMUS i Sverige i februar 2019. Der vil elevmedverknad i utdanninga verta fokus. På SJH og i Aurland er planen å prøve ut kurs våren 2019 i lag med Ove Jakobsen og Vivi Storsletten frå Senter for økologisk økonomi og etikk ved Nord universitet.

Ove Jakobsen med god lunsj på Svanholm