Under er bilete frå praktisk eksamen i faga Plan og produksjon, Næringsdrift og Garden som ressurs – den aller siste eksamenen elevane hadde før dei var ferdig utdanna agronomar i økologisk landbruk! Klikk på bileta for å sjå dei i større utgåve.
- Seks elevar trakk eksamen i Plan og produksjon.
- Dei skulle legga opp ei ny kompostranke.
- Elevane bytta på å vere traktorførarar …
- … og bakkemannskap …
- … medan ein og ein vart kalla inn for individuell eksaminering.
- Ranka består av ca. 50 % talle frå sau og geit …
- … ein del hageavfall og kverna kvist …
- … og moden kompost på toppen. Til sist blanda dei det heile med kompostvendemaskinen.
- Elevane i Garden som ressurs tok imot 5. klasse frå Aurland barne- og ungdomsskule.
- Samling og info om opplegget for dagen.
- Undervising i korleis ein lagar jordblanding.
- Jordblandinga vert til …
- … ved hjelp av mange ivrige hender.
- Brenneneslevatn vekte undring.
- Og til sist ein oppsummering av korleis ein nyttar kompost.
- Nokre av borna fekk henta moden kompost …
- … til ein anna del av gruppa som skulle læra å laga til ein komposthaug.
- Etter at fotografen hadde gått, fekk alle borna planta ein rabarbrastikling i kvar si potte.
- Elevane i Næringsdrift hadde nytta førebuingsdagane godt …
- … og gjort bedene klare ved hjelp av fres og “bedmaker”.
- Dei skulle planta ut squash, vårlauk og urter …
- … saman med 7. klasse frå Aurland barne- og ungdsomsskule.
- Dei skulle òg direkteså dill, spinat og salat.
- Oppgåva handla om vertskap, og sensor var godt nøgd med innsatsen! (Det same gjaldt dei andre sensorane!)