Lærarane: Maria Ballhaus

I denne serien presenterer vi alle dei dyktige og hyggelege lærarane på SJH – i alfabetisk rekkefylgje. Ellevte person ut er Maria Ballhaus, som underviser i  mjølkeforedling.

Maria Ballhaus vaks opp i ein tysk by og forelska seg i landbruk og ystehandverket gjennom praksis hjå Hitra Gårdsmat etter vidaregåande. Ho tok agronomutdanninga ved SJH i 2006-08, og seinare høgare utdanning i økologisk landbruk ved Blæstad og Witzenhausen. No driv ho og fire vener eigen økologisk gard med mjølkekyr, gris, høns, grønsaker og gardsysteri i Tyskland. Frå våren 2018 skal garden forsyna 120 andelshavarar med mat etter andelslandbruksprinsippet. Maria kjem til SJH fleire gonger i året for kurs og undervisning i mjølkeforedling, mellom anna innan faget plante- og husdyrproduksjon (Vg3)Ho meiner at ei utdanning innan økologisk landbruk gjev ei forståing for at alt heng saman med alt. Osten vert til dømes aldri betre enn råvara. Jord, jordarbeiding, gjødsling, plantesamansetning, hausting, fôrkonservering, dyrehelse, fôrrasjonar, mjølketeknikk, mjølkelagring og meir til speler inn før mjølka hamnar i ystekjelen. Om SJH seier Maria:

SJH er ein skule for livet, uansett om ein vert bonde eller ei. Alt ein lærer er nyttig kunnskap å ha med seg vidare. Eg hugsar at eg som elev ikkje hadde nok timar i døgnet til å gjere og lære om alt eg vart interessert i!

Presentasjonen av alle lærarane finn du her.