Ledige stillingar frå hausten av

Om arbeidsgiver:

Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) ligg sentralt i Aurland kommune – ein vidaregåande skule med landsline i økologisk landbruk med plass til 52 elevar fordelt på Vg2 Landbruk og gartnarnæring, økologisk og Vg3 Landbruk, økologisk. Eit allsidig økologisk drive skulegardsbruk er sentralt i undervisinga. Skulen har gartneri, gardsbutikk, internat, ulike typar foredlingslokale og Ressurssenter (oppdrag, kurs og fagleg utviklingsarbeid).

Om stillingane:

Frå 1. august 2018 har SJH ledig desse stillingane:

  • Faglærar tekniske fag og maskin – 50-70 % stilling
  • Faglærar i gardsdrift, rekneskap og landbruksøkonomi – omlag 30 % stilling
  • Faglærar i engelsk – 9,2 % stilling
  • Faglærar i norsk for framandspråklege – 25 % stilling vikariat (2018-20)
  • Miljøterapeut Inn på Tunet – 40-50 % stilling mellombels (2018-20)

Det er mogleg å søkja på tvers av stillingane. Skulen kan tilpassa stillingsprosentane etter søkjar sine kvalifikasjonar og mulegheiter.

Ansvars- og arbeidsområde

  • Ansvar for undervisning for gjeldande fagområder
  • Aktiv deltaking i tverrfaglege team
  • Aktiv i utviklingsarbeid innan fagfeltet

Krav til utdanning og praksis

  • Relevant fagleg og pedagogisk utdanning
  • Relevant arbeidserfaring innafor fagområdet
  • Kunnskap og engasjement for økologisk landbruk

Ønska personlege eigenskapar

  • Interesse for unge menneske og deira faglege og personlege utvikling
  • Gode evner til å formidle kunnskap og organisere elevøvingar
  • Strukturert i planlegging, gjennomføring og refleksjon
  • God kommunikasjonsevne og sterk samarbeidsvilje
  • Interesse for å dele kunnskap med kollegaer
  • Utviklingsorientert innafor eige fagområde

For stillingane gjeld:

  • Løn etter gjeldande regulativ
  • Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår
  • Hjelp til å skaffe bustad og flytteutgifter vert dekka etter gjeldande reglar
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår
  • 6 månaders prøvetid

Den som blir tilsett må legge fram politiattest av nyare dato, jf. Opplæringslova §10-9.

Interesserte er velkomne til å ta kontakt med rektor Aksel Hugo, tlf. 479 70 862 

Søknad med fullstendig CV skal sendast elektronisk. Sjå utlysing og søk via Sogn og Fjordane fylkeskommune si nettside her: Ledige stillingar ved SJH

Vitnemål og attestar skal leggast fram ved eventuelt intervju.

Det blir teke atterhald om at overtalige ved andre skular kan ha rett til utlyst stilling.

Søknadsfrist: 16. mai 2018

Her kan du lese om dei nåverande lærarane på SJH.