Gullgjengen på studietur

Matserveringa på SJH har ikkje mindre enn Debios serveringsmerke i gull, og førre gjennomgang synte at økomaten utgjer heile 96 %. Det var kjøkkengjengen vel forunnt å reisa på studietur til København for fagleg og sosial inspirasjon.

I midten av mars dro kjøkkensjef Jari, kokken Odd og kjøkkenassistent Lillian av garde for nokre dagar spekka med innhald i og rundt den danske hovudstaden. Tidlegare SJH-elev Clea Bianca Suhr, som no utdannar seg til kokk i Danmark, hadde planlagt opphaldet for gjengen.

Odd, Clea og Lillian

Fyrste stopp var på Hotel- og Restaurantskolen (HRS). Der er Clea student saman med om lag 6000 andre, innan utanningane “kok, cater (kantiner), bager og konditor, tjener, ernæringsassistent, receptionist og gourmetslagter” i tillegg til diverse etterutdanningar. Jari lot seg imponera over at elevane røktar bier og dyrkar grønsaker og urter til kjøkkenet, sjølv om dei ikkje har landbruksfag.

SJH ligg lenger framme når det gjeld økologisk andel i matserveringa. HRS ligg førebels under 60 %-kravet til det danske sølvmerket, men planlegg å ta steget opp til sølv i næraste framtid.

Studieturen gjekk vidare til den store grossisten Inco som HRS nyttar. Dette var for at gullgjengen frå SJH skulle få eit innblikk i utval og prisar. Inco har ei salig blanding av økologiske og ikkje-økologiske produkt, og det var inga tvil om at vareutvalet er større og økoprisane lågare enn i Norge.

Til slutt reiste gjengen til den meget spennande Krogerup Avlsgaard i Humlebæk 10 km sør for Helsingør. På Krogerup dyrkast det 80 økohektar med korn, gras, eple, grønsaker og skulehagar for den økologiske suksessbedrifta Aarstiderne. Mellom anna leverer Aarstiderne fleire titals tusen økologiske matkassar kvar veke, og bidreg til nærare ti millionar økologiske måltid kvart år! På Krogerup finn ein gardsbutikk med minikafé, lunsjrestaurant og eit prisvinnande økobryggeri.

 

Jari tykte besøket hjå Krogerup var det mest inspirerande på turen, og kanskje særleg korleis dei presenterte frukt og grønt i gardsbutikken. Kan vi få til noko liknande her på SJH?

100 % av råvarene bryggeriet Kølster Malt & Øl nyttar kjem frå garden. Bryggeriet er kanskje det einaste i verda kor både dyrking, malting og brygging skjer på samme stad. Både ølet og bryggaren har vunne prisar, og utvalet er stort med om lag 20 ulike typar økologisk brygg. Ikkje vanskeleg å forstå at selv gullgjengen vart imponert!