I denne serien presenterer vi alle dei dyktige og hyggelege lærarane på SJH – i alfabetisk rekkefylgje. Åttande person ut er Jorunn Barane, som underviser i økologisk entreprenørskap:
Jorunn Barane er utdanna agronom ved SJH, lektor med praktisk pedagogikk ved NMBU og har ein mastergrad i berekraftig læring frå Steinerhøyskolen. Den kombinerte kunnskapen har ho nytta til å utvikla skulehagar, garden som ressurs og til kurs for lærarar og bønder i mange år. I tillegg har ho stor interesse for forteljarkunst og vandring. Jorunn bur på Aurlandsvangen med hage og gamle epletre ned til fjorden. I kjøkkenhagen har ho roser, staudar, urter og blomar, og ho tek gjerne imot besøk. Jorunn underviser i økologisk entreprenørskap innan næringsdrift (Vg3). På SJH er ho òg prosjektleiar for eit internasjonalt Erasmus+ prosjekt, og legg til rette for Levande skule, kurs i landbrukspraksis og kompetanseutvikling ved skulen. Jorunn meiner at økologisk landbruk er viktig for å ta vare på og skapa fruktbar, levande jord med livskraftige planter og eit etisk dyrehald. Om SJH seier Jorunn:
Her får du mykje praktisk erfaring og forståing for samanhengar. Det skapar meining å utvikle gode verdiar for framtida, og denne utdanninga får ein bruk for uansett kva yrke ein måtte velje seinare i livet!
Presentasjonen av alle lærarane finn du her.