I november fekk Vg3 vere med på ein lærerik eplefagdag med eigen og ekstern ekspertise. Dagen starta i klasserommet med Marianne Bøthun, rådgjevar for frukt i Norsk Landbruksrådgiving, avdeling Vest. Ho gav ein introduksjon til storskala fruktdyrking i Sogn og Fjordane, og elevane fekk innsyn i kontrastane mellom før og no.
Etter dette reiste heile gjengen med skulens eigen epleekspert – Barry O’Mahony – til nabo- og fruktbygda Lærdal for å sjå på ulike løysinger i forhold til fruktproduksjon. Det fyrste stoppet var på eit heilt nyetablert eplefelt med Discovery og Aroma, i tillegg til fleire sortar prydeple som fungerer som pollineringstrær, plastdekke til ugrasbekjemping og streng med bambuspeler til å halde trea på plass.
Det andre stoppet var hjå ein av dei aller fyrste epleproduserande gardane i Lærdal – Stødno. Bonden og kårkallen her har solid erfaring og kunnskap på både eple og moreller, og kva som krevast for å få ei god avling. Aroma og Summerred var sortane på Stødno, også med prydeple til pollinering.
Det er alltid spennande å sjå og høyre om drevne fagfolk sin metodikk og tilnærmingar.
sa ein Vg3-er etterpå. Og kanskje vert han økofruktprodusent i framtida? Stadig fleire forbrukarar ynskjer frukt og grønt utan restar av kjemisk-syntetiske sprøytemiddel. Marknaden ventar på fleire norske økoprodusenter, og ved SJH lærer elevane å dyrke grønsaker, frukt og bær med økologiske metodar. Skulen har dessutan Vestlandets største økologiske eplefelt – les meir om det her.