Laurdag 2. september var me så heldige å få celebert besøk – nemleg av ein gjeng som var elevar på SJH for 40 år sida! Heile 17 stykke pluss ein lærar frå den tida dukka opp til ei grundig omvising med Hannah Jane Wood.
“Det var ei interessert og livleg gruppe, som stilte oppvakte spørsmål. Eg er glad eg hadde førebudd meg godt!” seier Hannah. Dei delte villeg frå si tid på skulen, og tok Hannah med på ei reise til fortida. Sjølv var ho elev på skulen frå -97 til -99, og har jobba her sidan 2004.
Det er ikkje fyrste gongen gjengen er tilbake på SJH etter 1977. Dei har vore på fleire turar, og me håpar å sjå dei att om nokre år!