Fleire hevar brynet og seier «stakkar deg» når elevane fortel at dei har skule til midten av juli. Skal ein liksom sitte på skulebenken medan sola skin og alle kompisar dreg på Roskilde? Men om klasserommet er eit vestlandsk fjordlandskap og pensum gir frekner, musklar og jord på hendene – vel, da er det lett å skjøne at skulen er sommarens vakraste eventyr.
«Det har vore så stort engasjement blant elevane! Ingen er her fordi dei må, men for sin eigen skyld. Me vil lære desse tinga!»
Når våren kjem klør det gjerne i fingrar og rastlausheita gneg på tolmodet hjå jordbrukselevane. Dei vil gjere alle dei spennande tinga dei har lest om og diskutert gjennom vinteren. Men våren er kort, plutseleg er det eksamen og sesongen si fyrste tomat er ennå ikkje moden. Med nokre ekstra veker på skulegarden får dei oppleve kva det verkeleg vil si å vere bonde: graset skal slås, grønsakene modnast og treng omsorg – komposten likeins.
«Ingen dag har vore lik, eg trur me har vore innom alle avdelingane og fagområda på garden.»
«Eg kjenner meg ikkje som ein elev. Me er med og driv garden, er ein del av den!»
«Det har vore spennande å følgje prosessar heilt frå start til slutt. Både i løpet av året, fordi me får vere her om sommaren, men òg i eit kortare perspektiv. Man har heile dagar og får gjort ting ferdig.»
Ein økospire er gjerne over gjennomsnittleg interessert i god jord, noko som gjer kompostplassen til eit spennande klasserom for dei fleste. Skulen tek i mot organisk avfall frå heile bygda som CMC-komposterast i rankar og brukast i gartneriet si eiga jord. I løpet av sommarkurset er elevane med og kverner kvist, kalkulerer materialar, legg opp og snur komposten. Dei tek CO2-målingar og sjekkar temperatur.
«Me har lært mykje av å vere i mindre grupper med få elevar per lærar! Da får me god tid til å prøve ting ordentleg.»
Vestlandet har sterke tradisjonar for å styve vinterfôr til dei mange geitene som finst her. Kvart år brukar me ein dag på dette. Å styve er å hente inn buntar med kvist frå lauvtrær, hovudsakeleg frå alm, ask, rogn og bjørk. Lauv og bark inneheld mykje mineral og er artig tidsfordriv for geitene. Det er givande å gjere noko som du veit lykkelege geiter kjem til å takke deg for seinare!
Ein annan dag brukar me hjå husdyrlærar Kristin oppe på garden Ryo i Flåmsdalen. Der slår me graset med ljå og legg det opp på hesjar, et godt og nyt utsikta. Det vestlandske landskapet er dramatisk med høge fjell og bratte lende. Her hesjer man ikkje berre for syns skuld, men for å berge gras der traktoren ikkje kan køyre. Såleis nyttar man ressursane på best mogleg måte. Hesjing vekker gode barndomsminne hjå mange av dei som har vakse opp på gard – det er hardt arbeid, men er man mange nok og veret godt, ja, da er det noko av det trivelegaste ein kan gjere.
Del 3 i serien om sommarkurset kjem snart – ein film frå stølslivet på Sinjarheim!