Kvart år dreg SJH-elevane nært og fjernt for å gjere seg feite på kunnskap i praksisveka. Interesseområda er akkurat så mangfaldige som elevmassen elles, og frå eit tilfeldig utval praksisplassar kan vi by på skildringar om moskusull, arbeidshest, fleirårige etande vekstar og landbruk på Færøyane.
Fleirårige, etande vekstar
Ida Lillebostad og Gaute Terjesson drog til Stephen Barstow i Malvik. Dei hadde sett han prate om spiselege, fleirårige vekstar ved ulike anledningar og ville vite meir. Barstow har nyleg pensjonert seg og dedikerer no all sin tid til frø og plantar. Han er leiar i «Norwegian Seed Savers», held foredrag og skriv artiklar. Heime har han ein staudehage med hovudsakleg etande vekstar frå heile verda.
Det praktiske arbeidet gjekk for det meste ut på å gjere klart for ny sesong: rydde bort dødt plantemateriale, hente tang og bygge opp komposthaugane. Kompost og neslevann er det einaste som trengs for å gjødsle hagen. Skulen har skrive ein tekst om Stephen Barstow tidlegare i år. Den kan du lese her.
Mellom slaga kunne Ida og Gaute gå rundt i hagen og memorere namn, form og farge på dei ulike vekstane. Dei er planta tett, og ein måtte passe seg for ikkje å tråkke sund nokre viktige, bevaringsverdige artar.
Gaute skriv i dagboka si: «Vi går rundt i den relativt lille, men omfangsrike hagen, og balanserer på tynne stier mellom forskjellige bed og vi bøyer oss ned og Stephen forteller hva det er og hvor det kommer fra og hva det er godt for og hvordan det kan brukes og vi skal lage en japansk wok med tofu og soba og da kan vi ta med vekster som er bitre og som ikke er så gode å spise rå, men som blir bedre når det stekes, men det smaker veldig godt likevel og vi fyller to store skåler med alskens deilige skudd fra overalt i hagen og vi lager mat og spiser det og det smaker vidunderlig.»
Ida skreiv ned namna på dei ulike vekstane i salaten:
Haredylle Sonchus oleraceus • Laukurt Alliaria petiolata • Hundekjeks Anthriscus sylvestris • Løvetann Taraxacum officinale • Roselauk Allium carinatum • Vårkål Ranunculus ficaria • Rabarbra Rheum rhabarbarum • Spansk kjørvel Myrrhis odorata • Hagenøkleblom Primula elatior • indianersalat(?) • Ramslauk Allium ursinum • Kinaskokk Stachys affinis • Skorsonnerot (skot) Scorzonera hispanica • Geitskjegg Tragopogon pratensis • Sibirsk nikkelauk Allium nutans • Luftlauk Allium x proliferum • Vinsyre/engsyre • Red russian (grønn)kål Brassica napus pabularia • Havesyre Rumex rugosus • Kvitlauk (skot) • Graslauk • Markjordbær (blad) • Pepperrot (skot/blad) • Vossakvann ‘Angelica archangelica var. maiorum’ • Blålauk (asurlauk?) Allium caeruleum • Libanonlauk(?) • Buskstrandkål Crambe cordifolia • Tvistebladlauk Allium obliquum • Løpstikke • Skvallerkål • Jostebærskot • Bendellauk • Kantlauk • Karolinelauk • Villauk • Marikåpe • Stjernemelde • Storklokke • Løvetann • Allium stelleriarm • Stikkelsbær (skot) • Bringebær (skot) • Matsuba (japansk persille) • Russisk engsyre • Engkarse • Seierslauk • Karve • Allium ramosum • Allium sp. • Rosettkarse • Kulenøkleblom • Spring beauty/vintersalat • Allium douglassia • Gauksyre • Brokebladet vinterkarse • Hundetannblomst • Norrlandslök • Jordskokk • Eple • fire typar fleirårig kål • Seari • vill selleri (New Zealand) • Apilum nardiflorum • Villbete • Kinesisk lauk • Sikori Cichorium intybus • Mangold/bladbete Beta vulgaris • Sløke Angelica sylvestris • Ulluco Ullucus tuberosus • Oca Oxalis tuberosa
«Eg lærte mykje om kva for vekstar ein kan ete, sjølv så tidleg i sesongen som april, og så langt nord. Det ligg mykje arbeid og engasjement bak å få til ein slik plass, men eg skjønar at det er basert på praktisk prøving og feiling, eller eksperimentering.»
Sjølvforsyning og arbeidshest
Anne-Margit Bråtveit og Elisabeth Fagerland besøkte familien Høstberger på Åsgreina i Dalen i Telemark. Daniel og Lisa driv garden og har det daglege ansvaret for fire sauer, ein gris, to kviger, høns, to fjordhestar, to hundar og to nydelege jenter. Det var vår i lufta dei dagane SJH-elevane var på besøk, Lisa var høggravid og fire lam såg dagslys for fyrste gong.
Anne-Margit har hest som valfag på skulen, medan Elisabeth har halde på med hest i mange år og driv ein heil del med skulehesten Mevinn. Dei var nysgjerrige på korleis ei våronn såg ut med hest – er det upraktisk og tungvint eller let det seg gjere? Er det noko vi kunne tenkt oss på eige bruk seinare?
På Åsgreina driv dei utelukkande med hest. Dei har 1,2 mål fulldyrka jord, i tillegg til innmarksbeite og den overflatedyrka jorda. Der produserer dei høy til dyra og ein rekke grønsaker til eiga nytte. Daniel tek nokre strøjobbar utanfor garden og når Lisa ikkje er høggravid tek ho nokre vikarjobbar på sjukeheimen. Elles lev dei av garden, eit audmjukt og arbeidsamt liv.
Anne-Margit og Elisabeth fekk vere med på spreiing av møkk, pløying og harving. «Vi lærte fordeler og ulemper ved bruk av arbeidshest. Ein kjem fram i ulendt terreng, men det er levende dyr og dei gjer ikkje alltid det ein vil. Besøket var veldig inspirerande og gav meg lysten til å drive med hest sjølv!» konkluderte Anne-Margit.
Moskus
Malik Riishøj har lenge vore fascinert av moskus og reiste til Myskoxcentrum i Härjedalen i Sverige under prakisveka. Målet med Myskoxcentrum var eigentleg å sette dyr på fjellet, men på grunn av det politiske klimaet i Sverige får dei ikkje lov til det. Dei driv derfor med guida turar samt sal av livdyr og moskusgarnet qiviut. Garnet er laga frå moskusen si innerull og er åtte gangar varmare enn saueull, klør ikkje og tovar ikkje.
Praksisperioden var roleg og bestod av fôring, gjerdesjekk og ulike vedlikehaldsoppgåver. Dette er dyr som i det store passar seg sjølv, så lenge dei har god nok plass. I vanlege dyreparkar beveger dyra seg 500 meter om dagen på sumartid medan dei på Myskoxcentrum går omtrent 10 km på same tid! Malik vil sjølv starte opp med moskus etter kvart og brukte praksisperioden som ein moglegheit til å få meir kunnskap om dyra og drifta.
Visste du at moskusen stikk hovudet ned i maurtuver, rotar rundt og hissar opp mauren for å få syre på seg, ein slags naturleg myggspray?
Landbruk på Færøyane
Alma Joensen tok med seg venninna Anna og drog til Færøyane. Der fløy dei helikopter vidare til øya Koltur som på snaue 2,5 km2 er den minste øya på Færøyane med busetnad. Klimaet er hardt, men sauen kan gå ute heile året og i år skal bonden så nokre byggkorn som er dei siste av sitt slag i heile verda. Alma og Anna hjalp til og lærte ein færøysk måte å «tromle» jorda på for å hindre at vinden får tak i dei nysådde korna. 20 ulike fuglar ynglar på øya, så dei lyt sette opp eit fugleskremsel som vern.
Bøndene, Bjørn og Lykke, har vedlikehalda garden som eit kulturminne folk utanfrå kan komme å sjå. I 2012 var dei ferdige og dronninga av Danmark kom til innviinga, klippa snora og brukte doen for fyrste gong. I dag er det eit frilandsmuseum med 160, to kyr, to gjess, høns og ender. Noko kvann har dei teke vare på òg – det har tradisjonelt vore ein viktig vitaminkilde, den einaste grønsak færingane åt.
«Jeg er blevet inspireret af det med at drive gård i kombination med et museum. Jeg leder selv efter måder at lette produktionspresset på, og her er et rigtig godt eksempel.»
Spisesalen hadde eit usedvanleg høgt støynivå da alle møttest att etter praksisveka. Alle hadde sett noko, gjort noko, lært noko dei berre måtte fortelje om. Som konsekvens blei praksisveka ein kurvfest og eit koldtbord – det metta nokre dagar og gjorde oss lystne på meir.