Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) ligg sentralt i Aurland kommune – ein vidaregåande skule med landsline i økologisk landbruk med plass til 52 elevar fordelt på Vg2 Landbruk og gartnarnæring, økologisk og Vg3 Landbruk, økologisk. Eit allsidig økologisk drive skulegardsbruk er sentralt i undervisinga. Skulen har gartneri, gardsbutikk, internat, ulike typar foredlingslokale og Ressurssenter (oppdrag, kurs og fagleg utviklingsarbeid).
Ledige faglærarstillingar ved Sogn Jord- og Hagebruksskule – frå 1. august 2017
- Faglærar i tekniske fag og maskin – omlag 50% stilling
- Faglærar i faget gardsdrift – omlag 30% stilling
- Faglærar i økologisk plantekultur – omlag 30% stilling
- Faglærar i økologisk husdyrhald – om lag 30 % stilling
Det er mogleg å søkja på tvers av stillingane. Skulen kan tilpassa dei etter søkjar sine kvalifikasjonar.
Ansvars- og arbeidsområde
- Ansvar for undervisning og øvingar i Vg2 og Vg3
- Aktiv deltaking i tverrfaglege fagteam
- Aktiv i utviklingsarbeid innan fagfeltet
Krav til utdanning og praksis
- Relevant fagleg og pedagogisk utdanning
- Relevant arbeidserfaring innafor fagområdet
- Kunnskap og engasjement for økologisk landbruk
Ønska personlege eigenskapar
- Interesse for unge menneske og deira faglege og personlege utvikling
- Gode evner til å formidle kunnskap og organisere elevøvingar
- Strukturert i planlegging, gjennomføring og refleksjon
- Klår kommunikasjonsevne og sterk samarbeidsvilje
- Interesse for å dele kunnskap med kollegaer
- Utviklingsorientert innafor eige fagområde
For stillingane gjeld:
- Vanlege fylkeskommunale tilsetjingsvilkår, løn etter gjeldande tariffavtale
- Prøvetid på 6 md.
- Krav om tilfredsstillande politiattest ved tilsetjing
Attesterte kopiar av vitnemål og attestar skal leggjast fram ved eventuelt intervju. Opplysningar om skulen er å finna på www.sjh.no. Interesserte er velkomne til å ta kontakt med adm. leiar Venke Sjursen, telefon 57 63 71 33 / 901 22 866 eller e-post venke.sjursen@sfj.no.
Søknad med fullstendig CV skal registrerast og sendast elektronisk (A-sak 17/3986).
Søknadsfrist: 2. juni 2017
Teksten over er kopiert frå utlysinga på Sogn og Fjordane fylkeskommune si nettside:
http://rubrikk.sfj.no/vis/stillingledig/3378502