Frå kunst og litteratur til Høgt og Vilt

Bli kjend med Marthe Mølstad i denne utgåva av “tidlegare elevar”!

Tidlegare elev Marthe Mølstad har vore vidt omkring. Høyr tankane hennar om jordbruk og kunst, og refleksjonane ho sit att med etter fullført jordbruksutdanning i Aurland.

 

Kvifor byrja du på SJH?

”Å gå på SJH var noko eg hadde tenkt på i fleire omgangar, fyrste gong på slutten av 90-tallet – så det var ikkje et impulsivt val, men djupt forankra! Eg ville lære meir om ysting og mjølk, om godt dyrehald og ikkje minst om dyrkningsprinsipp.

Etter litt for mange år i by kjende eg også eit stadig vaksande behov for jord under neglene og for å ha dyr litt tettare! For å seie det med store ord så ville eg lære om livsgrunnlag og livsbetingelsane. Derfor var det heller ikkje noe alternativ til SJH; det måtte være ein økologisk jordbruksskule.”

 

Kva arbeider du med no?

“Akkurat nå arbeider eg litt på Nordfjord Folkehøgskule som ein slags miljøarbeidar, samstundes som eg teiknar og skriv – og har et mini-hønehold (3 bestemte damer)! Men grunnen til at eg er her i Gloppen i Sogn og Fjordane, er at eg fikk jobb hjå Høgt & Vilt, Urter frå Devik i mai i fjor, og skal fortsette når utesesongen byrjar igjen i slutten av april / byrjinga av mai.”

“Da eg var ferdig på SJH, jobba eg på Rallarrosa i Kårdalen om sommaren og litt ut på haustparten. Etterpå tok det litt tid å finne ut kva det var eg ville fortsette med. Rett før jul i 2015 skreiv eg brev til Bjørg Devik Aurlien som driver og eiger Høgt & Vilt saman med mannen Bjørn, for å høyre om moglegheitene for jobb. Eg svarte ikkje på noko stillingsutlysing, men hadde flaks med timingen, for Bjørg hadde byrja å tenkje på å få inn arbeidshjelp som kunne jobbe heile sesongen. Gardsbutikken i Aurland sel jo produkta til Høgt & Vilt, og det var slik eg vart kjend med nokre av urtene. Eg må innrømme at eg også falt for fargane og linene i designen, innpakningen. Eg likte måten de presenterte urtene sine på! Det høyrest jo litt overflatisk ut, men nå har eg vore her ein sesong, og synest den reflekterer noko av måten Høgt & Vilt blir drevet på også.”

“Eg har lenge vore interessert i urter, og etter eit prosjekt om tørking av turmat på SJH, hadde eg veldig lyst til å lære meir om tørkeprosessen. I tillegg ville eg gjerne sjå og oppleve korleis ein kan drive og leve av ein produksjon som er liten nok / stor nok, og stort sett manuell. Det er nemlig mykje handarbeid her, med så bratte bakker!”

Arbeidsplassen til Marthe ligg både høgt, bratt og vakkert til langsmed Gloppefjorden.

“Urtene og blomane såast og alast opp i  drivhus, før dei plantast ut på friland, og det er gjort eit poeng ut av at det berre er urter som tåler vestlandsklimaet som finst i sortimentet. Vi har ein del ettåringer, men også mange fleirårige kulturer. Utover våren og sommaren haustast alle vekstane i fleire omgangar, på ulike måtar, og med ulike tørketider. I tillegg kjem dei viltveksande, som haustast på eng og utmark her i Devik, som er ei lita bygd i tjue minutts køyretur frå Sandane. Det aller meste skal gjennom tørka, men kvar veke haustast også urter og blomster til fleire kjøken i Sandane, som til Gloppen hotell.”

“Eg har aldri vore ein stad med så mange humlar som her mellom det blomstrande urtemangfaldet til Høgt & Vilt! Det kan være en intens lykkekjensle i det å gå mellom duftande peppermynte, isop og sar i en summande symfoni av humlesurr og fuglekvitter, medan fjella omkransar oss og fjorden ligger der nede og blenkjer – det kan berre kallast vestlandsidyll. Elles ser eg jo at det å drive slik er mykje hardt arbeid. Eg er på ein måte privilegert som får være ein del av dette og samtidig kan gå heim klokka fire! Det gjer ikkje Bjørg.”

“Eg har aldri vore ein stad med så mange humlar som her mellom det blomstrande urtemangfaldet til Høgt & Vilt!”, fortel Marthe.

 

Kva har du fått ut av skulegangen ved SJH?

“SJH er jo ein av dei skulane der ein går inn i ei eigen forvandlande tidssone, SJH-tida, og da er ein ikkje lenger den same når ein kjem ut igjen på den andre sida. Ein kan gå inn med tankar om kva det er ein skal lære mest av, men saman med alle dei ein møter av både elevar og lærarar / tilsette og dyra, så er det kanskje noko anna som gjer størst inntrykk og forandrar mest. Alle meistringsaugeblikka ein opplever på SJH fungerer som døropnarar for kor og korleis ein vil og kan leve etterpå. Eg hadde jo ikkje vore her i Gloppen utan SJH, eg hadde truleg ikkje hatt høner, og i alle fall ikkje møtt kjærasten min, Rasmus!”

Kjærasten Rasmus og hønene.

“Det er en natur- og jordglede på SJH, og ein menneskeglede, ein kultur ein har frembragt gjennom korleis ein snakkar og er saman. Det er skapt en kultur for å seie ja, og slik får ein til ting. Saman. Og det er vel kanskje noko av det eg synest både var det som gav mest, men også det som kunne vere krevjande på SJH, liksom å finne ein balanse mellom alt felles og all inspirerande idealisme og kraft, og det ein er aleine.”

“SJH er jo også ein snik-“husmorskole”, der ein lærer mykje om handtering og ressursutnytting, rett og slett om mat og matglede! Ein lærer å sette pris på gode råvarer, og kva det tek å bringe dei fram. Hendene må få lære meir i dag, ikkje berre hovudet! På SJH tek ein vare på begge deler, gjennom forankring i tradisjon og handverk – i samspill med ny kunnskap. Det er utruleg verdifullt.”

Med ysting på timeplanen var Marthe klar for å yste i Kårdalen etter endt skulegang.

“Dei to åra på SJH inneheldt mange augblikk av meistringskjensle! Det å kløvje opp til Sinjarheim saman med Hannah, for å frakte matvarer opp og ost ned Aurlandsdalen, var kanskje det mest ekstremsportaktige eg gjorde. Med balansering på stokkar over elver, å drive fjordingane gjennom ein sprutande foss, med dei bratte sidene rett der utanfor stigen, alt mens hestane også skulle føte seg og alt var grønt og bekker og elver kastet seg nedover! Det hadde eg aldri gjort utan hestefaget på skolen. Der lærde eg også mykje om åtferd, kroppsspråk og det å leie som eg merker eg har hatt stor nytte av.”

Vegen opp til Sinjarheim i Aurlandsdalen er ikkje for kven som helst – med hest og oppakning krever det si kvinne å kome opp heilskinna!

“Eg var veldig glad for å jobbe med Rakelhagen og elevhagen, gjennom planlegging, bestilling av frø, oppal, den spennande utplantinga og så å følge med på utviklinga. Og det å få lære om jord og kompost. Og det å kunne handtere motorsag kjennes veldig viktig her ein bur med vedomnsfyring! Åh, det er mykje meir eg skulle ha nemnt her!”

 

Korleis hadde det seg at ein kunstnar kom til SJH – og korleis har dette utvikla kunsten din? 

“Før eg byrja på skulen hadde eg allereie ein master i litteraturvitenskap, litt kunsthistorie, litt kulturminnevern, og to år på en tegne- og maleskole. Det er kanskje ikkje ei utdanning som er helt opplagt i kombinasjon med jordbruk, og kanskje ikkje ideell heller, om ein tenkjer pengeøkonomisk. Men om ein tenkjer kropps- og sjelsøkonomisk, så synest eg denne kombinasjonen gir mykje meining, at den er veldig heilhetleg og liksom tek høgde for heile sitt menneske, at ein jo er meir enn berre ein ting. Eg har nok også tenkt at eg gjennom meir kunnskap om grunnlaget, ein slags spirekunnskap, har lyst til å formidle natur, kulturlandskap, forholdet dyr-menneskjer gjennom skrift og teikning. Særlig har eg nok tenkt det om seterdrifta, som er en slags eksotisk og jordnær skattekiste. Desse åra på SJH gjev verdifullt innhald og sansingar til uttrykk, som igjen kan gjeve verdifulle refleksjonar attende.”

 

Opp igjennom har det komme mange med kunstnerisk bakgrunn til Aurland – kva er det med SJH som tiltrekker, trur du?

“Aurland lever, og det at SJH ligg akkurat der den ligg, trur eg utgjer mykje av skulen tiltrekningskraft. Sidan vi menneskje inneheld så mykje vatn, trur eg noko i oss oppfattar stader med mykje friskt, rennande vatn som veldig vitale og fulle av liv og dermed moglegheiter. Menneskje med kunstnarisk bakgrunn har gjerne ein sterk intuisjon, og tek ofte val ut frå det som opplevast som nødvendig. Og veldig mykje av den heilheitlege kunnskapen ein får på SJH er nødvendig i dag. Eg trur det er så enkelt. Og så er det ein annen grunn, og det er at mange har eit behov for å få gjere noko som også betyr noko for andre og for verda, og på en jordbruksskole går ein jo til kjelda av det behovet, for ein lærer om korleis få frø til å spire, korleis ein produserer næringsfull mat. Og så trenger ein jordkontakt.”

 

Kva gjer du om fem år?

“Om fem år – eg trur at det å tørre å tenkje lite nok er det nye å-tenkje-stort… i alle fall for meg. Ikkje i betydninga ”snevert”, men kanskje enkelt og direkte nok? Eg håpar eg framleis bur her i Gloppen og i Devik, saman med kjærasten min, dei to kattane og hønene – og kanskje nokre kløvgeiter. Eit slags kollektiv for to- og firbeinte. Og så trur eg at eg kan meir om urter, og har funne ein måte å bruke den kunnskapen på.”

“Eg har ein undercover-ide om eit terapeutisk labratorium for det ein gjer, ser, sanser, tenkjer – og dermed skriver, teikner – kor nødvendigheten i dyrehaldet og dyrkinga er strukturen, liksom arkitekturens skjelett. Eg trur det hadde vore bra for fleire enn berre meg.”

“Men eg veit jo ikkje. Eg har jo meir av det eg sjølv synest er gode idear og sjelsøkonomi enn av pengeøkonomi! Så da vil det jo også bli ei utforskning i dette labratoriet mitt av: Kor langt kan ein kome med dette – i forhold til å tenkje meir pengeøkonomisk? Bestefar var bonde på Hedemark og sa:  ”Ønsk i den eine handa og spytt i den andre, så ser du kvar det blir mest”. Han ville sagt: ”Slutt å drømme, gjer noko”.