Når elevar og lærarar kjem slentrande inn i klasserommet klokka åtte på morgonkvisten, har Marianne Holme allereie vore i gang i to til tre timar. Når skuledagen er ferdig i tretida, er det framleis to-tre timar til omnane og ljosa er slått av i Marianne Bakeri & Kafe. Arbeidsjarnet er tidlegare elev på skulen.
Marianne Bakeri & Kafe ligg sentralt nede i Aurland sentrum, berre tre gode steinkast frå skulen. Ho bakar kvar dag av økologisk mjøl, og har varm servering av suppe og pizza. Marianne er opptatt av økologi og lokal produsert mat, og har gjort dette til grunnlaget for bedrifta. Kafeen har vorte ein kjærkomen møteplass for både bygdafolk, jordbrukselevar, reisande og turistar.
Kretsløpstankegang
Marianne gjer sitt beste for å utnytte ressursane godt. Frø og brødsmular går til høner, brødskalkar til sauane og om sommaren har ho gris som tek unna avfall frå kafedrifta. For på sida driv Marianne eit lite småbruk, med både pelssau og bringebær, og saman med noboane held ho høner. Bringebæra frå småbruket blir til syltetøy, saft og smoothie, og på sommaren er det duka for sjølvplukk.
Kvifor byrja du på skulen?
“Det var min far som leste om sjh på internet og tipsa meg om skulen. Eg tenkte at uansett kva ein skal i livet, så er det viktig å ha kunnskap om mat og korleis den blir dyrka. Da som nå var det lange ventelister. Eg var heldig som kom inn! Eg byrja på skulen i 1997. Tidlegare på sommaren hadde eg arbeida på ein gard ute på Hitra. Å reise fra trivelige Trønderlag hit til det milde fjordklimaet var som å komme til syden! Her var kirsebær, epler, plommer – til og med ein stor maisavling hausten 97!”
Kva tid bestemte du deg for å bli bakar?
”Det byrja med at eg bakte 10 brød to gonger for veka da eg arbeidde i gardsbutikken på skulen, etter eg var utdanna agronom. Etter det balla det på seg. Eg og ei veninne bestemte oss for å klemme til, kjøpe lokale og pusse opp – også var vi i gang.”
Den gongen heitte bedrifta ”Krutt og Kanel”, men vart i seinare tid omdøpt til ”Marianne Bakeri & Kafe”, ettersom det var Marianne som tok idéen vidare.
Kva er ditt beste minne frå skulen?
”Her lærde vi alt, frå ysting til motorsag, hest og urtedyrking. Da eg kom tenkte eg at det var utruleg kjekt at Bergen var tett på, men etter to år kunne eg rekne på ei hand kor få gonger eg hadde vore der. I aurland og på SJH skjer det noke heile tida. Me elevane var flinke og kreative til å finne på aktivitetar i helgane og fritida. Me arrangerete kokkekurs, dans, lesekveld, turar i fjellet, ull- og trearbeid, elevbutikk og mykje anna kjekt. Dette var jo før den digitale tid – så eg har 2 store album med gode minner som eg kan sjå tilbake på.”
Kva har Sogn Jord- og Hagebruksskule betydd for deg?
”Da eg kom til Aurland hadde eg ikkje noko forhold til økologi og tradisjonsmat, men her i Aurland fikk eg smake biff for fyrste gong, og gulrot rett fra åkeren!
Da eg bestemte meg for å satse med bakerverksemda, var det heilt naturleg å leggje seg på ein økologisk profil. Eg føler at bakeriet er ein forlengelse av det eg lærte på skulen. Skulen, livet som studentane bringar med seg og produksjonen på skulegardsbruket har hatt alt å seie for at eg ville byggje opp ei verksemd her. I dag har vi eit godt samarbeid, der eg kjøper grønsaker og andre varer frå skulen, medan gardsbutikken og skuleinternatet kjøper bakst frå meg.”
For skulen er det også verdifullt at det har kome eit levande tilbod, både sosialt og kulturelt. Her møtast elevane både for fersk bakst og kaffi, og for å sitja saman å gjere lekser. Ressurssenteret ved SJH har også fleire gongar hatt fornøyelsen av å benytte seg av Marianne Bakeri & Kafe til kursverksemd og foredrag, seinast ved kurset i andelslandbruk i midten av januar.