Unik professorhjelp

Noregs einaste professor i økologisk økonomi var på vitjing på Sogn Jord- og Hagebruksskule.

Først var Jakobsen med i ein undervisningstime i faget Næringsdrift hjå Vg3. Deretter diskuterte han med lærarane i same fag korleis ein kunne utvikla undervisningstilbodet vidare. Og på kvelden heldt professoren eit føredrag med tittelen «Handlar økonomi om meir enn pengar?» på Marianne Bakeri og Kafe.

Porten.no har skrive ein flott reportasje frå dagen: Skal utvikla undervisningstilbodet med unik professorhjelp