Med gjestebod som pensum

Det er ikkje alle jordbruksskular som arrangerer festmåltid som del av pensum. I førre veke var det duka for gjestebod i Vassbygdi Ungdomshus. Her stod Vg3-elevane for arrangering, tilberedning, servering og god stemning. For elevane byrja førebuingane allereie haust, da sau vart sanka, grønsaker hausta og fjellfisk dratt opp.

Ny smak av tradisjon

Av lam vart kjøtbollar trilla og trekt, og pølser vart krydra og stappa i kroktarm. Fjellfisken vart renska og lagt på lake – og smakte fortreffeleg fleire månader seinare. Elevane i valfag ”foredling” har i løpet av hausten lært om utallige måtar å konservere fisk og kjøt på – med metodar som det i dag er mange som har gløymt. På menyen stod det også grønsaker og råkostsalat med råvarer frå grønsaksproduksjonen til skulen. Vi fekk også smør av kumjølk som tidlegare på dagen vart kinna under undervisninga i ysteriet. Potetstappe og potetlefser av poteter frå skulen gjekk godt ilag med både rakefisk og pølser. Det smakar av kortreist mat som er i sesong, og elevar som tør å prøve ut nye smakar.

Behind the scenes: Sigurd i Vg3 luktar på rakefisken han fiska, renska og la i lake i haust. Resultatet var fortreffeleg.

Takk for maten!