Frå SJH til Zanzibar

Danske Aske Tange starta på Sogn Jord- og Hagebruksskule hausten 2013. To år seinare var han ferdigutdanna økologisk agronom og klar for verda. Sidan da har han jobba som gjetar i Sveits, reist rundt i Asia og blitt tilboden jobb hos ein av dei fyrste økologiske risprodusentane i Malaysia. No jobbar han på Zanzibar gjennom fredskorpsprosjektet skulen er ein del av.

Frå intervju da TV2 vitja SJH

Kva for eit minne er ditt beste frå tida på SJH?

Det er nærast umogeleg å velje enkelte minner som dei beste når skulen er slik ein fantastisk plass. Når eg tenkjar tilbake så hugsar eg venlege menneskjer i nære relasjonar, varme sommardagar på åkrane med spanande undervising og tidlege, frostklare morgonar i lag med dyra i fjøsen. Det var heilt fantastisk å oppleve at skulegang kunne vere så storslege og eventyrleg. Den samla opplevinga var nok den beste.

Potethausting ved SJH

Kva har du gjort sidan SJH?

Gjetar i Sveits

Berre 20 dagar etter siste skuledag drog eg til Sveits for å jobbe som gjetar for 80 mjølkekyr og 20 slaktegris. Vi var eit lag på tre som jobba døgnet rundt for å syte for at det friske, grøne fjellgraset blei forvandla til alpeost. Dagen starta klokka 03:00: då var det på med hovudlykt og spaserstokk og ut døra med mine to gjeterhundar. Ein gåtur på ein time eller to for å hente kyrne inn til morgonmjølking var normalt i dei enorme områda. To gongar om dagen gjorde eg dette med hensikta å finne det beste graset gjennom heile sesongen. Eg skulle òg fungere som dyrlege og ta beslutningar i forhold til mjølkekvalitet og dyrehelse. 16 lokale bønder gav meg dermed stort ansvar som nyutdanna agronom og eg var nøydt til å bruke stort sett alle erfaringar og lærdom frå undervisninga på SJH. Eg var omlag 100 dagar i Alpane med ein dagleg vandring på 15-20 km i kupert terreng med få pausar og mykje tung bæring. Det var ikkje lett, men løna var god og opplevinga fantastisk vakker og lærerik.

Prosjekt i Asia

Etter Sveits var eg ti månader i Thailand, Vietnam, Laos, Kambodsja og Malaysia. I Thailand deltok eg på eit kortvarig, frivillig prosjekt der eg hausta ris og bygde ein kompost-do lik den på skulen. Seinare fekk eg tilbod om jobb på ein av dei fyrste økologiske risprodusentane i Malaysia, men hadde korkje kunnskap eller hug til å skrive under kontrakten.

Risausting i Malaysia

Tilbake til SJH

Eg reiste direkte frå Bangkok til SJH for å jobbe i fjøset over jula. Der hadde eg vore dei siste to åra og eg sakna geitene. Det har vore så fint kvar gong! Det gir ein heilt spesiell følelse å vere i fjøset på morgonen julaftan, og kanskje gav eg dyra ein liten ekstra neve kraftfôr da. Aurland og vinter-Noreg vart eit avbrekk frå tropetilstanden. Litt som eit kaldt vinterbad, eit raskt dypp i kulda for så å dra tilbake til varmen.

Fredskorps i Zanzibar

Det er ikkje så lett å bli kvitt skulen i Aurland. Eg har framleis kontakt med både elevar og lærarar frå skulen. I Sveits fekk eg besøk av husdyrlærar Even medan potetlærar Thorvald kom til Zanzibar, her eg er no. Sogn Jord- og Hagebruksskule er vertar i eit fredskorpsprosjekt kor profesjonelle frå to organisasjonar bytter arbeidsplass for å lære både frå og til det nye miljøet. Gjennom dei som var på SJH mitt år fekk eg informasjon og inspirasjon til å søke meg inn i prosjektet.

I arbeid på Zanzibar

Det har vist seg å vere litt av ein utfordring å skulle jobbe her på Zanzibar, da både arbeidsmoral og -gang er noko annleis. Men det er ein positiv utfordring som oppfordrar til kultivering av eigen personleg driv – det å sjølv vere ansvarleg for å «presse gjennom» idear og prosjekter. Eg har blant anna undervist i helse og klauvskjering på geit og utarbeida betre rutinar for geitehaldet. Utover dette jobbar eg med å introdusere kompostering av husdyrgjødsel. Om ein månad er planen å dra til Uganda for å hente inspirasjon frå eit prosjekt som driv med samplanting av bærbuskar i bananplantasjar. Det blir spannande å sjå om det lar seg overføre til tilhøva i Zanzibar. Det er supert å vere her – folk er så utroleg imøtekommande og uansett kor ein går er det hakuna matata (take it easy).

Eit av mange spennande møte

Kva er neste steg for deg?

Det er vanskeleg å seie kva som skjer i framtida. Eg vil fortsetje å møte menneske gjennom å reise rundt i verda. Eg har òg eit unekteleg stort ynskje om å kunne hjelpe i nokon av dei vanskelege situasjonane eg har sett rundt om. Om det blir gjennom landbruket eller ein annan veg vil tida vise. Men ein ting er sikkert – mykje av det livsmotet og kjærleiken til det levande og naturlege som følgjer meg i dag ble født hjå dykk på den vetle skulen i Noreg.

Med verda for sine føter etter utdanninga på SJH!