Jordbruks- og hagebruksskulen i Aurland vart etablert i 1917 med fylgjande føremål: ”Skulen hev til mål å gjeva unge menn og kvinnor praktisk og teoretisk upplæring i jordbruk og hagebruk, med lærlingpraksis og korte tilleggskurs i praktisk arbeid på den jordeigedom som er knytt til skulen.”
SJH er i dag ein sprek 100-åring, fremst i landet på opplæring i økologisk landbruk og med gode framtidsutsikter. Det grunnleggjande føremålet står fast, men er tilpassa utfordringane i vår tid. Ein gjengangar gjennom 100 år er at landbruket til ei kvar tid må utvikla seg med basis i kunnskap.