Førre veke fekk SJH besøk av Paula frå Chile, Yangzom frå Tibet og Ka Ming frå Hongkong som skulle hospitere nokre dagar. Jentene går på den internasjonale skulen United World College Red Cross Nordic (UWCRCN, eller berre UWC) i Flekke. UWC er ein vidaregåande skule med elevar frå rundt 100 ulike nasjonar, som SJH har hatt eit spanande samarbeid med i fleire år. Det har vore utveksling i begge retningar, og denne gongen var det tre elevar som skulle få kome til Aurland. Paula, Yangzom og Ka Ming hadde konkurrert med andre UWC-elevar om plassane, og det var inga tvil om at motivasjonen var høg!
Dei er alle tre opptekne av berekraft og særskild berekraftig matproduksjon, men hadde ikkje så mykje detaljkunnskap eller praktisk erfaring frå før. I løpet av veka fekk dei prøve seg på alt ifrå ysting av ferskost og snekring av fuglekassar til fermentering av kål og frøtaking frå tomat. På fritida stilte tilsette og elevar opp med kompostomvising, innføring i fjøsstell og mjølking, framsyning av permakulturfilm, rundtur i Aurland og meir til, slik at UWC-jentene skulle få lære mest mogleg.
Vi på SJH fekk også lære (og smake!) mykje nytt, då Paula, Yangzom og Ka Ming diska opp med tradisjonelle retter samstundes som dei heldt bildepresentasjonar om heimlanda sine. Paula fortalde at Chile er verdas nest største eksportør av oppdrettslaks, og det vart nokre lærerike diskusjonar om næringas påverknad på økosystema. Og kven visste at Chile har ein enorm blåbærproduksjon? Om Tibet fekk vi høyre mykje om Kinas undertrykking og at 150 munkar har sette fyr på seg sjølve i protest. Yangzom oppfordra dei som vil støtte Tibet til å skaffe seg ein «Blue Book», for å ta del i eit stort solidaritetsprosjekt. Ka Ming viste mellom anna bilete av ulike matretter frå Hongkong, og det er mykje hurtigmat å få kjøpt. Sjølv kjøpte ho mest mogleg økologisk mat mens ho budde der, men det var vanskeleg å få tak i og medførte mykje reisetid. Lykka var stor då ho oppdaga utvalet i gardsbutikken vår!
Veka gjekk fortare enn ynskjeleg for både gjestar og vertar, og trass eit intenst program både i skuletida og på fritida syntest alle at dei gjerne kunne vore lenger. Det vert truleg noko utveksling mellom skulane også neste semester, men før den tid skjer det endå meir spanande. Vår eigen VG2-elev Sara skal nemleg til ein stor internasjonal vatnkonferanse i Budapest – takka vere UWC. Fortsetjing fylgjer …!