Økoveke med Steinerskulen

Kvar veke er ei økoveke ved SJH! To gonger i året får ein klasse frå Steinerskulen på Skjold vere med og oppleve ei veke full av økologi. Klassen kjem fyrst som 9. klasse om våren, og deltek i alt ifrå ysting og gjerdesnikring til kompostering og utplanting av grønsaker. I september kjem dei tilbake som 10. klasse, og kan hauste ein mangfaldig grøde. Elevane lærer mykje om foredling av råvarene, gjennom til dømes pressing av eplesaft, woking av grønsaker i bålpanne og baking av flatbrød på takke. I år fekk dei også lage yoghurt i skulen sitt ysteri og sauebollar i eldhuset til Gry Lie Roberts, ein lokal sauebonde.

Eg har lært at ein ikkje skal koke sauebollar, berre trekke. Slik unngår ein at dei sprekk.

Mykje av maten klassen foredlar ved SJH tar dei med tilbake til Bergen. Der skal det arrangerast haustfest veka etter vitjinga her. Og foreldra får ikkje berre servert økologisk mat på menyen – kvar elev held også ein presentasjon om eit tema innan økologisk landbruk. Oppgåvetema har dei sjølve vald før turen til SJH, og under opphaldet innhentar dei kunnskap. Nokre skriv om dyrking eller husdyrhald, andre om landbruksmaskinar eller kompost.

Eg har lært kor viktig det er med krinslaup. Men mest gøy var det å koke egg i komposten!

Det er ikkje berre foreldra som får lære om økologi. Steinerskulen på Skjold har nemleg innført ei eiga årleg økoveke, kor alle elevane frå 1. til 10. klasse deltek i ulike grupper med bærekraftstema i ei heil veke. Dei som har vore på SJH, har sjølvsagt mykje interessant å dele med resten av skulen!

Eg har lært kor maten kjem frå. Men og om korleis den blir dyrka, no kan eg gjere det heime.

Veka Steinerskulen vitjar SJH, går altfor fort. Men likevel rekk elevane å få med seg ein heil masse – til og med ein dagstur til den gamle stølen Hovdungo. SJH har eit godt samarbeid med den lokale sauebonden Gry Lie Roberts, som mellom anna tek elevane med ut på tur og fortel om garden hennar, stølen og historia til området.

Eg har lært ein masse som eg ikkje visste at eg kunne lære på vanleg skule.

SJH takkar Steinerskulen hjarteleg for besøket og seier velkomen igjen

– til ein ny klasse i neste semester!

Fleire bilete frå veka kan du sjå her i albumet på Facebook.

 Eg synest at jordbruk er mykje meir gøy etter denne turen. 🙂