Sogn Jord- og Hagebruksskule og Bondens Marked Sogn og Fjordane arrangarer fylket si fyrste Økoveke!
Det er på høg tid at Økoveka kjem til Sogn og Fjordane. Økoveka er ei feiring av norsk økologisk mat som formidlar både råvarer, kunnskap og inspirasjon. Det blir eit stort mangfald av matprodusentar og garantert god marknadsstemning. Elevar frå Sogn Jord- og Hagebruksskule byr på hokkaidosuppe og takkestekt røsti for alle, med rabatt for studentar.
Dette er ei god moglegheit til å snakke med kommande økobønder!
Program
- september blir det matmarknad i Sentrumsparken i Sogndal frå 11.00 – 18.00.
Økologisk matproduksjon har vore i hardt vér i det siste og som forbrukar er det vanskeleg å vite kva ein skal tru om kva som er beste måten å produsere mat på. Kom på foredraget ”Kvifor framtida er økologisk” med Hans Avdem og Sigurd Vassenden på Kafé Krydder 14.00.
- oktober
Bondens marknad på Jølstraholmen, med eige marknad for barna. Tema er “Utemat”, så dette blir spennande! Opningstider 10.30 – 16.00. Marknaden finn stad utanfor Spar Jølstraholmen.
Sogn Jord- og Hagebruksskule stiller opp i Leikanger under ”Fruktbare dagar” med bod og økologiske varer frå skulegardsbruket. Opningstider 11.00 – 17.00.
Program for ØKOUKA i resten av landet finn du her.