VÅRT DAGLEGE BRØD: Bønder, professorar, politikarar og jordbrukselevar samla seg i Kaupanger for å diskutere dagens utfordringar og løysingar i jordbruket.
Fredag 9.9.16 fylte vi bussen med jordbrukselevar for å vitje årets viktigaste landbruksseminar hjå Sogn Folkemuseum i Kaupanger. Seminaret var knytt til den nye utstillinga “Vårt daglege brød”, som kastar eit blikk både bakover og framover på norsk matproduksjon. Det gjekk ikkje lenge før foredragshaldarane gjekk laus på dagens utfordingar og morgondagens løysingar i jordbruket.
Den raude tråden for dagen var at vi må produsere meir mat basert på norske ressursar. Foredragshaldarane kom med forskjellige svar på korleis det skal gå til. Christian Rekkedal, landbruksdirektør i Sogn og Fjordane, såg nærare på den historiske utviklinga i jordbruket i fylket. På 90-talet var det over 300 000 mål fulldyrka i fylket, men dette går sakte nedover. Mykje leigejord skapar problemer. Rekkedal understreka kor viktig dei små bruka er: 40% av sauekjøtet i fylket kjem frå besetningar under 50 vinterfôra sauar. Lausdriftskravet er ei utfordring for dei små og mellomstore mjølkebruka.
Forskjellige løysingar
Tidlegare elev på Sogn Jord- og Hagebruksskule, Siri Helle, brenn for utmarka og meiner attgroing er ein av årsakane til synkande sjølvforsyningsgrad. “Det er gjort kalkylier på kor mykje mat Noreg kan produsera, men dei er basert på dagens system. Eg trur Noreg kan produsere meir mat, så lenge det framleis er teigar som står uslått og skog som gror att”. FrP-politikar Frank Willy Djuvik vil setje bonden fri og gjere det mogleg for bonden å vekse seg større. Professor Reidar Almås trakk dei lange linene i landbrukspolitikken. Almås vil styrke den norske jordbruksmodellen, og flytte på økonomiske verkemiddel, frå passive til aktive tiltak.
“Sogn Jord- og Hagebruksskule er den skulen eg set mest pris på”
“Eg er veldig glad for å sjå at så mange frå Aurland er her i dag. Sogn Jord- og Hagebruksskule er den skulen eg set mest pris på”, byrjar Per Olaf Lundteigen. “Vi må være ærlege i debatten om norsk jordbruk. Areal i drift går ned, avlingene er mindre og bøndene blir færre”. Lundteigen skuldar kraftfôrprisane for den synkande sjølvforsyningsgraden i graslandet Noreg: “Prisen på kraftfôr styrer verdien av graset! Med dagens system er det betre økonomi for bonden å kjøpe inn kraftfôr enn å utnytte grasareala optimalt! Norsk sjølvforsyningsgrad er eit mål på volumet av planteproduksjonen i landet”. Lundteigen hadde med seg ein mjølkekartong og ei Imsdal-flaske. Mjølka kostar 17,- i butikken, vatnet 25,-. Han mana bøndene til å organisere seg mot kreftene som vil byggje ned norsk jordbruk.
Det handlar ikkje om økolaks og Debio-regelverk
VG-3-elevane Hans og Sigurd snakka om kvifor framtida er økologisk. “Økologi er ein måte å tenkje på. Det er god agronomi”, byrjar Sigurd. Vidare drog han fram eksempel som antibiotikabruk i fjørfe- og svinebesetningar og forslaget om innføring av forbudte sprøytemiddel som svar til sommarens katastrofale jordbærsesong. “Vi kan ikkje vinne kampen mot naturen”, avsluttar Sigurd.
Økologiske løysinger på konvensjonelle problem
“Matjorda verda over blir utarma. Vi som bønder har ansvaret for å forvalte matjorda slik at fruktbarheita aukar, år for år. Det er i jord med ettårige kulturar som blir drivne einsidig og intensivt det som det går hardast utover”, seier Hans. Han dreg fram drifta på Skjærgaarden, Noregs største produsent av vårlauk som eksempel til etterfølging. “Ved å kompostere grønt avfall frå produksjonen saman med talle, har dei auka moldinnhaldet i jorda frå 2,5% til 6%, og det på få år. Dei har funne ei økologisk løysing på eit konvensjonelt problem”.
Ukonstruktiv debatt
Gutane tykkjer debatten mellom øko og ikkje-øko som har rasa i media i det siste er ei total avsporing. “Det er heilt uinteressant å diskutere om vi i dag skulle lagt om alt til dagens øko-regelverk, eller om vi skal halde fram som før”, seier Sigurd.