
Ordførar Noralv Distad delte ut ein lokal turbok til elevane
Måndag denne veka kunne SJH ynskje velkomen til 56 elevar! Elevane kjem frå heile landet, og tradisjonen tru krydrast både VG2 og VG3 med nokre danskar og andre nasjonalitetar. Ordførar Noralv Distad fortalde forsamlinga at meir enn 20 % av jordbruksarealet i Aurland kommune drivast økologisk. Dette er mykje takka vere SJH, som han kallar “eit nasjonalt veksthus for økologisk landbruk.” Skuleåret 16/17 har fått ein pangstart med rekordmange elevar som skal vekse fram til agronomar!
Sjå album frå skulestart på Facebook!
Sjå hva Sogn Avis skreiv om pangstarten!