Høyslått

IMG_4186

Går ikkje av moten: Tørking av gras til høy har fleire fordelar enn du kanskje har tenkt over.

Før maursyre, ensilering og rundballeplast kom på bana var det berre ein ting som gjaldt når det kom til fôrberging: tørking av gras til høy. Nytt fokus på grovfôrbasert produksjon og nye hausteteknikkar gjer denne metoden aktuell også i dag.

Høyslåtten er eit høgdepunkt for vg2-elevane og markerar  overgangen til ein månad med sommarkurs. Elevane slår og  vender graset to gongar før graset blir køyrt i rankar. Med ei oppsamlarvogn køyrer elevane graset på tørka. Her blir graset tørka vidare opp til ein tørrstoffprosent på 82%. Fyrst da er  høyet lagringstørt. Det krev god timing å få til godt høy – for kjem det regn inn i graset under bakketørkinga vil næringsverdien i graset bli kraftig redusert. “Det er ei god kjensle å slå. Eg har verkeleg fått sansen for høy”, erklærer Oskar i vg2.

Gjenoppdaga i Danmark

Det er fleire som har vorte glade i høy. I Danmark har tørking av gras til høy fått ei renessanse. Ny hausteteknikk, betre dyrehelse, betre stabilitet på lager, billegare maskiner og redusert jordpakking er grunnar til at danske bønder foretrekk høy framfor ensilering, fortel den danske landbruksrådgivaren Torkild Nissen. I forhold til å pakke graset inn i seks-sju lag med plast i rundballar, er høy ein meir miljøvenleg og ofte billegare metode å lagre fôr på. Med eit auka fokus på berekraft i landbruket kan ein tenkje seg at konservering av fôr til høy vil få ei renessanse også her i landet.

Sjå video frå årets høyslått her: 

Sunne kyr og god mjølkekvalitet

Høy av god kvalitet er eit næringsrikt og pH-nøytralt strukturfôr som slår positivt ut for vommiljøet hjå drøvtyggjaren. Fordi høykonservering skjer aerobt får ikkje smørsyrebakteriene fotfeste og sporetalet i mjølka reduserast.  Mjølk basert på høyfôring egnar seg derfor spesielt godt til vidareforedling i skulen sitt ysteri.

Skulen kan skilte med høgt grovfôropptak og lågt forbruk av kraftfôr i forhold til mjølkeyting hjå kyra. Ein av nøklane til det er at dyra har tilgang på forskjellige typar grovfôr av høg kvalitet. Vi kan tenkje med oss sjølve, vi ville fort blitt matlei dersom vi skulle ete det same kvar dag. I år vart heile fyrsteslåtten lagt til høy. Dei to høytørkene våre er smekkfulle, så dyra har verkeleg noko å sjå fram til i dei kalde vintermånadane som kjem!

Bli med på høyslått du også! 

IMG_4242

Motoren i ei økologisk eng: I symbiose med rhizobium-bakterien fikserar kvitkløveren nitrogen frå lufta. Ei veke etter slått og den er i full fart på veg opp att!