Grindbygg- frå tømmer til ferdig hus

På Sogn Jord- og Hagebruksskule lærer du om fortvalting av skog, du får med deg trekjennskap og teori om vedproduksjon. Du får vurdere uttak av trevirke som blir saga til materiale på bandsaga. Det blir ikkje berre dagar bak pulten, for hjå oss skal du byggje grindbygg av tømmer du sjølv har felt. Ein får presisjonssagd med motorsag, skåre med plankesaga og bruke stemjern og hammar. Mengdetrening og kjennskap til verktøy kjem som premie, for det tek tid å setje i stand eit grindbygg!

12182633_1114263011925131_3157221985218193109_o

Motorsaga ligg tungt mot stammen i det ho sleikjer seg oppover stokken. Kvisting er det tyngste arbeidet i skogsarbeidet, så her er det mykje å hente på god teknikk.

I skogen

I haust var siste års elevar i skogen for å finne tømmer. I faget «Utmark og Kulturlandskap» lærde dei å måle høgda på treet, sjå treet si fallretning, omtrentlige alder og bedømme volum tømmer som finst i skogen. Elevane fekk repetere bruk av motorsag, der lærarane hjalp villig til. Eit år utan å setje felleskår eller kviste tre, er ingen år. Kake og påsmurte skiver kom fram når dagen blei lang, bålpanna blei fyrt opp. Økologiske lammepølser gjer godt etter ein dag i skogen.

 

Sjekk ut denne filmen om skogsdrift og grindbygg frå undervisninga hjå oss! 

 

Kva er eit grindbygg? 

Grindbygg har vore vanleg i store deler av landet, men teknikken har heldt seg lengst på Vestlandet. Her mangla ein trevirke. Grindbygget er materialeffektivt, og ein kan nytte seg av krokete materiale som elles er lite egna til husbygging. Grindbygde hus har ei stamme av tømmerstokkar. Ein kan kle veggane med tynne bord. Konstruksjonsmåten egnar seg til å byggje store, opne rom. I dag kan me sjå gjenbruk av eldre grinder og stavar i nyare bygningar. Stammen av tømmer som held bygninga oppe, er beskytta av bordplank som kan skiftast ut ved råteangrep eller slitasje av vær og vind.

Skjermbilde 2016-04-19 kl. 18.49.26

Med torv på taket og sine organiske former er det få bygg som glir betre inn i det ville vestlandske landskapet enn grindbygget.

Skulle ein byggje løer, reiskapsskjul eller enkle rom til husdyr, var grindbygg ei smart løysning. Lengda på bygninga avgjer kor mange grinder elevane nyttar når dei set i gang. Grindbygget reiser dei på grunnmur eller berre på store steinar som støtte under kvar stav. Gleda er tydeleg i smilet og auga når tredjeklassingane lyftar grinder og set i saman bygninga dei har arbeida med halve vinteren. No har dei lært det gamle handverket og kan nytte det seinare. Kanskje skulle dei verte freista til å ha ein samlingsplass på tunet eller eit uthus til dyra. Grindbygg kan halde i generasjonar, så dette er arbeid som verkeleg set spor.

Lysten på å lære meir om skogsdrift og gardsbygg? Det er framleis mogleg å få plass på Sogn Jord – og Hagebrukskule hausten 2016 . Søk her!

//sjh.no/kontakt/sok-naa/