Antal norske andelslandbruk har eksplodert dei siste åra. Nytt kurstilbod ved Sogn- Jord og Hagebruksskule skal sørgje for at flest mogleg lukkast innanfor den nye marknaden.
I samarbeid med NORSØK, Landbruk Nordvest og Oikos – Økologisk Norge vil Sogn- Jord og Hagebruksskule i løpet av 2017 setje i sving eit prosjekt for å lyfte kompetansa til framtidas andelsbønder. Prosjektet er i fyrste rekkje retta mot gartnarar, gardbrukarar og andelshavarar som driver eller planlegg å byrje med andelslandbruk.
Tilrettelagt kurstilbod
“Interessa for andelslandbruk stig for kvart år. Ein aukande del av befolkninga vil ha eit tettare forhold til maten, kvar den kjem frå og korleis den er produsert. I Noreg har antal andelslandbruk auka frå 1 i 2006 til 40 i 2015. Det er derfor på høg tid at det kjem eit kurs som er spesielt utvikla og tilrettelagt for deltakarar i norske andelslandbruk”, fortel prosjektansvarleg og rådgjevar ved NORSØK Kirsty McKinnon.
Verdifull omsetting for bonden
Andelslandbruk er ei form for direkte omsetning mellom gard og forbrukar. Kjerna i ordninga er at forbrukarar kjøper andelar av produksjonen på garden og deler risikoen for årsvariasjonen i avlingane med bonden. “I USA ser ein at andelslandbruk kan gjere det mogleg for små bruk som ikkje maktar til å levere til angropris å eksistere. Det er eit interessant alternativ for bynære gardsbruk. Forbrukaren får eit nærare forhold til maten sin og bonden får ei verdifull omsetting av sine produkt”, fortel Nat.
Lang erfaring
Nat var på besøk da eit av dei fyrste amerikanske andelslandbruka, The Temple-Wilton farm, såg dagens ljos i 1986. Han var også ein av ressurspersonane i prosjektet under Norges Vel si leiing som la til rette for oppstarten av det fyrste andelslandbruket i Noreg på Øverland i 2006. “Vi ser at det er fleire og fleire som freistar å starte opp med andelslandbruk, men mange får det ikkje til å gå rundt. Med dette kurstilbodet vil vi sørgje for at så mange som mogleg lukkast”, fortel Nat. Andelslandbruk er ei krevjande driftsform som set høge krav til dei agronomiske, organisatoriske og økonomiske ferdigheitene til aktørane. Nat vil stå for ei kvalitetssikring av det faglege innhaldet, slik at det tilsvarar nivået til vidaregåande opplæring.
Naturleg å leggje kurset til Aurland
“Måten vi driver på her i Aurland er veldig typisk for andelslandbruk, med stort mangfold av forskjellige plantekulturar, samt frukt, bær, honning, mjølk og ost”, forklarar Nat. I prosjektet vil det blir utforma eit kurstilbod som omhandlar planlegging og oppstart av andelslandbruk, ulike modellar for organisering og drift, kunnskap om god jordkultur, klimatiske utfordringar og dyrking av ulike matvekster. Kurset vil bli fordelt på tre samlingar gjennom året.
Prøvekurs i 2017
Neste års Vg3 elevar vil få moglegheit til å bli med på prøvekurset i 2017. Det vil også vere ope for landbruksrådgivarar og eit utval av erfarne og nye deltakarar i andelslandbruk. Saman vil deltakarane kome med evaluering og eventuell tilpassing før prosjektet blir lyst ut som eit nasjonalt kurstilbod.