Driftsplan – ikkje berre traktor og tresker!

P1040548

Som økobonde skal du jobbe på åkeren, stelle dyr og planter og halde jorda i hevd. Men du skal også føre rekneskap, skrive plan for gjødsling, berekne fôring, vurdere sal av varer, mekanisering og vekstskifte. I Vg2 er det mykje praksis, medan ein i Vg3 går djupt inn i vurderinger og planlegging. Siste års elevar skal lære seg å bruke kunnskapen dei har samla til å setje saman driftsplan for eigen gard.

Ikkje alle har eit gardsbruk å reise tilbake til. Då bidreg lærarane med å finne eitt dei kan ta utgangspunkt i. Det er fint å ha ein fysisk stad og nokre rammer å jobbe innanfor.

I løpet av hausten set elevane opp vekstskifteplan med rullering av vekstar på dei ulike skiftene. Dei skriv om garden sin tilstand ved overtaking, ønska produksjonar, dei skriv om bygningar, reiskapar og maskinar. Tredjeklassingane står svært fritt når det gjeld kva for produksjon dei ynskjer, og dei hjelper kvarandre undervegs. Fridomen set elevane stor pris på. – Det er ingen som seier «dette kan du berre gløyme». Lærarane let oss få prøve oss fram, me jobbar tverrfagleg og får mykje tid til rådigheit, seier 24-år gamle Kristian.

Fôrplan og dekningsbidrag på ein eittårig og ein fleirårig vekst blir skriven før jul. Då finn du ein vekst du ynskjer på garden, og reknar kort fortald på differansen mellom inntekter og utgiftar. Etter nyttår tek ein fatt på gjødselplan. – Eg tykkjer gjødselplanen var lærerik å arbeide med, seier Kristian som akkurat har levert oppgåva si. Kristian er tredjeårs elev. Han er flittig, og mellom øktene med bøker og Excel-ark, er han på verkstaden og byggjer sitt eige grindbygg.

Myndigheitene krev at kvar bonde har ein gjødselplan. Av miljø og ressursomsyn ynskjer ein ikkje avrenning frå landbruket. Ein viktig veg mot eit meir berekraftig jordbruk er å gjødsle i ei mengd og til ei tid som gjer at ein får minst mogleg avrenning.

P1040542

Det er stille når eg kjem inn i klasserommet. Berre fingrar som klaprar mot tastaturet, litt kviskring og nokre sukk når tala i skjemaet ikkje stemmer overeins med det ein hadde tenkt. Latter og smil når ein mestrar noko. Ofte må ein byrje på nytt, ein lærer litt etter litt. Då er det godt å ha faglærarane i nærleiken. Dei kan svare på spørsmål og hjelpe ein på veg.

  • Skal du overta gardsbruk eller starte opp sjølv, er det ypparleg å få skrive heile driftsplanen dette året med tilgang på rettleiing, seier Kristian.

Bak han sit Janne og reknar på kalkmengder og kor mykje gjødsel hennar kyr vil gi i løpet av eitt år. Kor mykje kan ho gjødsle per dekar og vil ho ha nok møkk? – Det er ikkje sikkert talet stemmer til slutt. Ofte kan me oppdage at me har for lite gjødsel og må kjøpe inn. Det er ein læringsprosess. Landbruket er ikkje berre « ut å køyre med traktor og tresker», det er mykje berekningar som må gjerast i forkant.

Elevane har brukt tid på utrekning av tilskot – generelle og særeigne for deira del av landet. Dei har lagd eit økonomisk oversyn over drifta på garden. Dette må til for å ha ei peiling på inntekter og utgiftar, og for sjå kva for lønn dei kan rekne med. Dei tar dekningsbidrag og tilskot, og trekk i frå utgiftar til vedlikehald av reiskaper, faste og variable kostnader i drifta, avskrivingar på bygningar og maskinar. Tal må justerast etter kvart som ein ser at ting ikkje stemmar. Plutseleg skal alle orda og tankane bli til tal på papiret.

Mange har lært ein god del etter dei starta på driftsplanen i haust. På den tida var mykje nytt. No har planen utvikla seg, og elevane kan sjå feil dei gjorde i byrjinga. Mange tenkte til dømes ikkje på alt, eller kor mange fôrenheter du fekk ut av høyet på garden.

Pultane er dekka med av ark, fagbøker, tekoppar, kaffikannar, pennar og permar. Mørket har senka seg utanfor, og nokre elevar sit att etter skuletid. Det er snart innleveringsfrist, og alle tal må på plass innan midtnatt fredag. Unge hovud bøygd over skulebøker og PC-skjermar.

P1040591

Adrianna og Paul Einar skal overta gard. Fôrplanen var noko av det fyrste me lagde, seier Adrianna. Me hadde ikkje heilt peiling på kva med dreiv med i starten, smilar ho. Prosessen er lærerik, og det gjekk seg til etterkvart. – Det som er fint med fôrplanen at ein får ei viss peiling på tallene/størrelsesforholdanår det dreier seg om ressursar på garden. Då vert det lettare å ta vurderinger når ein byrjer som bonde, skyter Paul Einar inn. – Med litt særeigne produksjonar, var det nyttig å høyre med andre bønder og lese tidsskrift. Når me kjem heim og skal starte sjølv, vil kunnskapen me fekk, vere ei reiskap me vil bruke. Men eg hugsar me var litt forvirra då me heldt på i starten, seier dei to. Klassekameraten, Liv Inger, nikkar og seier:

  • Når du sit med tal opp til albogen kan du tenkje: Kva er det eg har gjort, men så får du ein god oversikt når du får alt ned på ark. Om eg hadde stått der med eit gardsbruk og ikkje visst kor eg skulle byrje, hadde det vore tungt. Kva dyr skal eg ha, kor mange, skal eg ha silo eller høy? Skal eg ha rundball, og skal eg pakke sjølv eller leige inn hjelp? Kva slags kalk skal eg kalke jordene med, skal eg selje varene mine til grossist eller direkte til kundar, skal eg foredle heime, korleis skal eg vurdere pris på produktet, kva hygienekrav gjeld for produksjonslokala? Det er mange ting eg ikkje hadde kome på sjølv. Det er godt å ha gjort dette ein gong før eg står der på bar bakke og skal greie alt åleine. Lærarane på Sogn Jord – og Hagebruksskule er flinke, seier Liv Inger. Ho avsluttar på kav trøndersk: «Æ lær akkurat det æ treng å vit!»

, ,