Det er januar, snøen har krype ned frå fjella og lagt seg i dalen. Det tydar kjeeingstid på Sogn Jord – og Hagebruksskule. SJH er ein av to skuler med geit i Noreg, og den einaste som driv økologisk. Geitehald har lange tradisjonar i Aurland. Det er her du skal gå om du vil bli geitebonde.
Det er mørkt når fem elevar gnir søvnen ut av auga. Dei har fjøsveka si, og skal vere på plass klokka 06.00. Dei skal fôre, mjølke geit og kyr, gje kjea nytt strø, finne spann og utstyr, setje på mjølkeanlegget og feste spenekoppar på jura.
Vekas fem elevar fortel om januarmånad i fjøset. Nokre vert att etter kveldstellet for å kose med kjea. – Dei er artige og søte, men geitene våre er ikkje berre kjæledyr. Dei er husdyr som skal produsere kjøt og mjølk, seier ein andreklassing som måkar ut av ein binge. Dyrevelferd er eit fokusområde i økologisk produksjon. Me strever etter å gje geitene eit best mogleg liv den tida dei er hos oss, anten tida er lang eller kort.
Debatten rundt kor geitekjøtet blir av, har vore oppheta. For kva gjer ein med bukkekjøt og alle dei kjea som blir fødde utan å verte påsett? I fjor vinter hadde skulen ei avtale med resturanten Smalhans i Oslo om levere kjekjøtt. Smalhans har eit fokus på å nytta heile dyret, og ta i bruk ressursar ein kanskje vel å hive. I år sel SJH kjøt til privatkundar. Kanskje skal nokre kje bli med på beite, og slaktast til hausten. Kjekjøt er rekna for å vere ein delikatesse, og vert stadig meir ettertrakta.
På Sogn Jord – og Hagebrukskule lærar du ikkje berre teori om geitehald, mjølkemengder, celletal, sjukdomsbekjemping og avl. Når elevane har fjøsvakt er dei med på dagleg mjølking, fôring og tilsyn. Utover det lærar dei klauvskjæring og haldvurdering, tredjeklassingane reknar på fôrplanar. Dei får vere med å kontrollere mjølkekvalitet og helsetilstand. På våren er elevane med og riggar til komande stølssesong med gjerding, vask og vedbæring. Om sommaren er elevane med på stølsdrift. Dei mjølkar og ystar tradisjonsost. Yoghurt og salatost er også på planen. Dei bidreg med fôrsanking og buføring. Nokre elevar brukar geita som modell i driftplanane sine. Og ikkje minst får dei nokre veker i lag med kjea.
Kunne du tenke dei å bli økologisk geitebonde eller læra meir om geit? Då er Sogn Jord og Hagebrukskule skulen for deg!
Bli med inn i fjøset! Sjå videoen som er vist 20.000 gonger på Facebook og blitt delt av over 200 menneske på berre nokre dagar: