Bli med hestelæraren vår på ei reise til Mongolia

Vår hesteansvarlege, Hannah Wood, reiste i 2014 til Mongolia og budde hjå ein nomadefamilie i 3 månader. Den 3. februar vil ho gjerne dele inntrykk frå denne spennande turen med alle som vil, gjennom eit lysbildeseminar på Mariannes Kafé klokken 1900. Det er gratis inngang.

Ho hjalp til som eit medlem av familien og lærte mykje av korleis dei levde saman med dyra sine (geit, sau, storfe og hester), som dei heile tida flytta til nye beiteområder. Hannah lærte til dømes korleis dei foredla mat medan dei budde på steppene.  Ho reiste og rundt i Mongolia og var med på en Yak festival; der dei blant anna spelte polo frå yakryggen!

Hannah Wood er hesteansvarleg ved SJH. Ho er lærar i valgaget arbeidshest. Det innebærar å gje undervisning i stell og bruk av hestane, køyring, hest i skogen, grunnleggjande hovstel og korleis bruke hesten i jordbruket gjennom året (til dømes våronn, kløyving av forsyningar og potetopptak).

 Velkomen 3. februar klokken 1900!