Odelsjenta som visste kva ho ville

Veslemøy (23) og Bjørnstjerne Sæther Olavsbråten (25) driv i dag økologisk gard med utsikt mot Norefjell, ved inngangen til Hallingdal. Begge er utdanna agronomar i økologisk landbruk ved Sogn Jord og – Hagebruksskule. Dei leverar mellom anna produkta sine til Oslo Kooperativ, og har funne ut at det er ein smart måte å nå kundar på.

indexjj

Når gjekk du på Sogn Jord – og Hagebruksskule?

– Eg gjekk på SJH frå 2011 til 2013. Her fekk eg kunnskapen som skulle til for å kunne drive garden heime, som eg har odel på. Og eg fann han eg gifta meg med, ein gut i trinnet under meg. Me er no sjette generasjon gardbrukarar.

Kva gjer du i dag?

– Eg har tatt over garden heime på Norefjell med kyr og mjølkeproduksjon. Me kallar garden for Sansegarden. Her bur eg saman med mannen min og dottera vår, Signe, som vart fødd i fjor. Me vidareforedlar det meste, samstundes som me leverar til Tine. Det er ein tryggheit.

Garden er på 40 mål. Den er ikkje så stor, men me prøver å gjere det me kan ut av de ressursane me har fått til rådigheit. Me leigar 100 mål kring eigedomen. Fordi me ikkje har all verda med innmark, nyttar me utmark, skog og fjell så godt det let seg gjere. Om sommaren har me mykje dyr, om vinteren mindre. Dette gjer at me held oss med vinterfôr. Mjølkinga går føre seg mest om sommaren. Da har me beite til dyra. Me har også litt grønsaker og potet til oss sjølve. Garden er eit mangesysleri.

11025805_1530627627200574_1120331650528128836_n

11141137_1614671955462807_3143704850607949024_n

k

På garden finst Dølafe, ein norsk tradisjonsrase, og Jerseyfe, ein kurase som gir mjølk med ekstra kvalitet. Me har fokusert på mjølkekvalitet sidan me foredlar mykje sjølve. Me køyrer konsentrert kalving. Det vil seie at kyrne får ei periode på vinteren der dei kan byggje seg opp til ein ny vår med ny produksjon. Me gir deg så å seie ikkje importert kraftfôr, men heller norsk, økologisk korn og erter. Dyra har moglegheit til å vere ute heile året.

Om summaren har me geitekillingar. Dei kjøper me hjå ein geitmjølkprodusent på Ål. Kjeeinga byrjar i januar. Ein viktig grunn til at me skaffa geiter er for å rydde skogsbeite og kratt. I dag har me opp mot 90 kje. Da er det fullt av liv i fjøset!

11143494_1561563720773631_2474561736083641448_n

Me har eit lite gardsysteri me sjølv har bygd opp. Der me lagar ost og andre mjølkeprodukt, helst upasturisert. Til setra vår på Norefjell går det ikkje veg. Straum og vatn får me frå eit aggregat. Det nyttast til mjølkemaskina. Eg oppdaga gleda ved mjølkeforedling da eg gjekk på Sogn Jord – og Hagebruksskule. Der fekk eg vera med å kinna smør, laga yoghurt og ysta kvitost. Kanskje vil ikkje mannen i gata tru det, men me kjenner oss privilegerte.

Stølen på Norefjell

Stølen på Norefjell

Ellers har garden høns, ein hest og tre purker. Purkene får grisungar om våren. Me ynskjer at dyra skal ha ein grunn til å bu her. Me skal ikkje berre ha dei for å produsera kjøt.
Grisane gjer ein viktig pløyejobb. Det nyter me godt av. Dei er ressursutnytterane på garden, og eter myse og ysterioverskott i tillegg til grønsaksrestar, korn og erter. Griser er nemleg einmaga dyr, og kan nytta alt det me menneska også kan. Dessverre blir dei fleste griser i dag stengt inne i små fjøs med sprinkelgolv, der dei lev på kraftfôr – som eigentleg er menneskemat. Me vil bruke grisen til det han er god på og glad i – å grave i jorda og finne smågodt der. Kveke, eit utriveleg rotugras, er snadder for grisen. Myse, eit restprodukt i ysteprosessen, er noko av det beste purkene kan få. Også er det veldig næringsrikt.

11751949_1576302189299784_6971959581720501767_n10984254_1576302175966452_1060704789782779173_n

Me hauster litt av alt som er, og gjer mest mogleg sjølve. Alt frå å skjære kjøt i leigd lokale om hausten, ta med dyra på setra om summaren, slå engene til vinterfôr. Eng me har funnen ut har eit høgt biologisk mangfald, og difor krev sein slått og etterbeiting. Me plukkar eple til eplemost. Lista er lang – mannen min og eg ligg ikkje på latsida. Å ta imot ekstra hender om summaren er en viktig del av det heile, både “wwoofere ” og praktikantar er gull verdt! Tuva Johanna, ei klassevenninne frå SJH, har vore med mykje og hjelpt til.

Me leverar varer til Oslo Kooperativ, som er ei matabonnementsordning som sørgjer for at lokale bønder får levere produkta sine med ein høgare forteneste enn om maten skulle vore innom butikken fyrst. Mat frå jord til bord, der den som kjøper matkassa får velje bærekraft, økologi og nærleik.

Så når de spør kva eg driv med, så svarar eg: «Eg driv odelsgard, og prøvar å bruke det som er av ressursar rundt meg til å skape ei heilskapleg drift saman med familien min. Eg er heiltidsbonde, og trivst veldig godt med det».

Kooperativer er ofte til god hjelp for bønder som driv smått, og vil levere varer direkte til kunder. På Aurlandsseminaret 2016 kjem trendanalytikar og styremedlem i Oslo Kooperativ, Cathrine Røsseland, for å snakke om oppstarten og utviklinga av Oslo Kooperativ, og korleis kooperativet har vorte viktig både for bønder og byfolk.

11898863_1586452858284717_229436301962951405_n

Kva har skulegongen din ved SJH tyda for drifta di?

Den har den har betydd alt. Lærerane på Sogn Jord og – Hagebruksskule lærar deg ikkje berre å drive landbruk. Det kan ein lære mange plassar og på mange måtar- men ein lærar nettopp det som handlar om heilheit. Om korleis jorda kan drivast best og lengst over tid.
Det er heilt unikt. Det viktigaste av alt må vere at ein lærar å tenkje, ikkje berre akseptere sannheiter- men verkeleg sjå og oppdage moglegheitene i jordbruket.

10906342_1561563657440304_1368087293592371557_n

Kvifor tykkjer du økologisk landbruk er viktig?

Det er eit vanskeleg spørsmål, fordi det for meg er så opplagt å løyse eit problem ved å sjå etter årsak, heller enn å rette opp i symptoma. Eg trur det er meir relevant å førebyggje enn berre å kvitte seg med problemet der og då. Ta eit isfjell i havet. Toppen av isfjellet er tydeleg, men alt det du ikkje kan sjå, det kan få konsekvensar.

Økologisk landbruk er fantastisk spennande. Økolandbruket handlar om å verdsette dei hårfine balansane i naturen, og samstundes respektere at det er så mykje me ikkje veit. Erkjenne at me er ein bitteliten del av noko større, og bidra der me kan.

Alt påverkar noko anna. Det er ikkje eit alternativ å overdøyve naturens signal ved å sprøyte vekk problema med gift. Er noko gale, har det rot i ei ubalanse. Eg vil ikkje gjødsle kunstig fordi eg skal ha kontroll på noko eg eigentlig ikkje kan styre skikkeleg; at ei plante til dømes veks i ei viss fart.

12045250_1598953713701298_3504341004903420370_o

Kva for eit minne er ditt beste frå tida på SJH?

Dei er mange, og dei er komplekse. To år er mange augneblikk! Det beste er sjølve møtet med det ekte, jordnære og dypt menneskelege, trur eg. Alle minna har preg av menneska i ein storslått natur, i ein kultur full av tradisjon. Nokon i klassen under meg og eg gjekk ned Aurlandsdalen ein typisk haustdag. Sol, klart og litt kaldt vær- så kom me dit kor ein skimtar Sinjarheim – skulen sin støl. Over heile dalen frå den eine sida til den andre såg me ei kjempestor regnboge som omkransa alt. Heilt stille. Heilt ekte. Det er SJH for meg.

indexr

10957129_1548397772090226_5686595516965041764_o