Gjer sine eigne grøne skifte

Politikarar landet over snakkar om «det grøne skiftet» og om kor viktig det blir for Noreg i tida framover. Her får du møte tre karar som har gått frå ord til handling i ynskje om å gjere landet litt grønare.

– 

Lars Henriksen

IMG_3040

FRÅ INGENIØR TIL BONDE: Lars er eit symbol på eit grønt skifte i emning.

Lars er utdanna ingeniør og skreiv bachelor om arbeidsflyt av utstyr som er brukt offshore i oljenæringa. Den joviale nordlendingen fann fort ut at dette ikkje var noko for han. Det endte med at han hoppa av oljeplattforma og planta føtene i ei jordnær agronomutdanning i Aurland i staden.

Kva fekk deg til SJH?

– Fyrst og fremst var det fordi skulen var heiløkologisk, som einaste jordbruksskule i landet. Gode lærarar og modne elevar var også viktig. Eg såg for meg at det var mange moglegheiter og mykje å ta seg til med, ta til dømes treverkstaden og smia. Skulen ligg utruleg fint til mellom fjord og fjell. For ein som kjem frå Nordland så kjennest det ikkje så langt frå heime.

Kvifor vil du bli økologisk bonde?

– Eg er oppvaksen på gard, og landbruket har heile tida vore nært hjarta mitt. Samstundes tykkjer eg at drifta heime er einsformig, med mykje aleinetid på traktoren og lite tenking. Kunstgjødsla som blir levert på døra kjem med ferdig utarbeida gjødselplan. Felleskjøpet leverer kraftfôr i store mengder rett i siloen. Det er rett og slett for lite utfordringar. Eg vil bli økologisk bonde for å utnytte ressursane på garden maksimalt, med så lite input utanfrå som mogleg. Økologisk landbruk har større mangfald og gjev bonden større rom til å eksprimentere. Det er viktig å spele på lag med dyra og naturen. Å dyrke rein mat utan bruk av kjemikalier er viktig for meg.

Kva gjer du om ti år?

– Om ti år så har eg eigen gard, og eg er komen langt på veg til å drive den garden eg drøymer om. Fôr og gjødsel kjem i størst mogleg grad frå garden. Garden gjev livsgrunnlag for heile familien. Fleire dyreslag sørgjer for allsidig og spanande drift. Kanskje vi i stor grad er sjølvforsynt, samtidig som vi driv vidareforedling av mjølk og kjøt. Eg ynskjer å bidra til å gjere folk engasjert i produksjonen av mat basert på norske ressursar, derfor trur eg det til dømes kan bli aktuelt med andelslandbruk. Det er viktig å gje alle ei moglegheit til å ta del i matproduksjonen vår.

 

Sigurd Vassenden

IMG_2122

FRAMTIDIG YSTAR: Smørblid er han Sigurd i allefall.

Sigurd gjekk på musikklinja på vidaregåande. Guten syng og spelar både gitar og piano, men musikaren måtte til slutt bøye seg for bonden. Han hadde interesse for landbruk og tok fordjuping i realfag fordi han ville ta utdanning på Ås. Året før han byrja hjå oss arbeidde han både som frivillig og som praktikant på gardsbruk rundt om i landet. I Vingelen både mjølka og ysta han – og dersom du i haust har ete blåmuggosten «Fjellblå» frå Eggen Gardsysteri er det ein viss sjanse for at det er denne karen du skal takke for den deilige osten.

Kva fekk deg til SJH?

– Fyrst og fremst var det interessa for landbruk. Eg innsåg at eg ville arbeide meir praktisk og at ein jobb innanfor akademia kanskje ikkje var mi greie. Draumen er jo å drive eigen gard, derfor konkluderte eg med at Ås var ein dårleg veg å gå. Eg fekk høyre mykje godt om skulen av folk eg møtte. Eg fekk også høyre at elevmassa var veldig samansett, med mange eldre elevar, og det tenkte eg var ei forutsetning for at skulle gidde å byrje på vidaregåande på nytt.

Kvifor vil du bli økologisk bonde?

– Dersom eg fyrst skal drive landbruk så skal eg gjere det på den rette måten – på naturen sine premisser. Eg vil drive god agronomi som gjev eit godt utbytte i dag og grunnlag for enda betre utbytte i framtida. For meg er det å produsere mat det aller viktigaste det går an å halde på med. Eg ynskjer å vere med på å vidareutvikle landbruket i ei grønare og betre retning, vere innovativ og nyskapande og alltid leite etter den beste løysinga. Dersom eg kan vere ein motsats til industrilandbruket som utnyttar dyra og jorda – ja, da er eg nøgd.

Kva gjer du om ti år?

– Om ti år har eg kjøpt meg eit bruk i Trøndelag og er lukkeleg gardbrukar saman med ein liten familie. Den harde oppstartsfasa er over og eg kan sjå framover og jobbe for ei betre drift og ein betre kvardag. Kanskje har eg til og med fått eit lite ysteri opp å gå. Det har eg jo lært ein del om allereie, både som praktikant på gardsysteri og på ystekursa her på skulen.

 

Paul Einar Sæther

IMG_2997

POLSK INSPIRASJON: Paul Einar tykkjer det er viktig å dyrke, hauste og reparerer ting sjølv.

Paul Einar har arbeida som elektrikar i ni år før han og kjærasten Adrianna kom til Aurland. Frå barndomen av har han vore interessert i landbruk, men fyrst i dei seinare åra har han innsett at det er bonde han vil bli. Han kjem frå garden “Persetra” ved Batnfjordsøra i Gjemnes og har mange tankar og idear for framtida til garden.

Kva fekk deg til SJH?

– Eg fekk høyre om skulen av foreldra mine som hadde vore her på ystekurs fleire gonger. Dersom eg skulle bli bonde ville eg ha ein skikkeleg bakgrunn, for før eg kom hit hadde eg mest praktisk erfaring. Det er mykje teori bak god driftsplanlegging. Skulen driv veldig mangfaldig med forskjellige grønsaker og husdyr, så eg tenkte at eg ville få ei brei kompetanse her – og det stemde. Ein av grunnane til at eg fekk interesse for mat og matproduksjon var den kjedelege og prosesserte maten i butikken. Det vil eg gjere noko med. Såvidt eg veit er dette den einaste jordbruksskulen som går i djupna på vidareforedling, det er eit stort pluss. Adrianna kom til Noreg for tre og eit halvt år sidan. Dersom ho skulle byrje å studere måtte eg gå på ein jordbruksskule i nærleiken av ho. Enda på visa var at vi hamna i Aurland begge to, smiler Paul.

Kvifor vil du bli økologisk bonde?

– Før eg byrja her visste eg ikkje så mykje om økologisk landbruk, anna enn at det var mange skjema som måtte fyllast ut. Å få debio-godkjenning er ikkje det viktigaste tykkjer eg, for ein kan drive god agronomi sjølv om ein ikkje held seg heilt innanfor regelverket. Vi har til dømes dyr på fellesbeite med andre bønder om sommaren, og det kan bli problematisk. Sertifiseringa er viktig slik at kunden i butikken har ei forsikring om at maten er rein for sprøytemiddel. Samtidig ynskjer eg å ha så tett kontakt med forbrukaren at han eller ho kjenner seg trygg på det eg leverer, med eller utan sertifisering. Eg ville lære om samanhengane og prosessane som går føre seg i jorda og det lærer ein best på ein økologisk skule. Det å leggje om i framtida er noko som vi vurderar (veldig! kjem det frå Adrianna i sofaen).

Kva gjer du om ti år?

– Om ti år har eg truleg teke over garden heime.  Foreldra mine er i full gang med å byggje ny seterstøl – det er veldig i tråd med slik vi vil drive. Det å ha kyra til fjells er ein spennande tanke, da ville det vore lettare å leggje om til økologisk i forhold til sommarbeite. Vi ser for oss å drive andelsgard med både mjølk, kjøt, frukt og grønsaker. Fleire folk er involverte i ysting og anna foredling, og eg ser potensialet i å drive seterdrift. Det er viktig å få utnytta utmarksressursane. Gardsturisme og gamle husdyrraser er også ei moglegheit. Ein må kanskje rekne meir enn ti år framover, for vi har veldig mange idear for garden. Elles vil vi vere mest mogleg sjølvforsynte. Familien til Adrianna i Polen er veldig flinke til å dyrke, hauste og reparere ting sjølv. Det inspirerar meg veldig.

, , , , , ,