Ida Østvoll var ein av dei nominerte til Årets unge bonde 2015. Eg vil høyre korleis livet hennar er på garden saman med Sigmund Sørum. Ida tykkjer det var kjekt å bli nominert. Ho seier at det er moro at det dei gjer, blir lagt merke til. Ho og Sigmund har ein hektisk kvardag på garden dei forpaktar i Valdres.
Når gjekk de på Sogn Jord- og Hagebruksskule?
Me gjekk i klasse på SJH frå 2010 til 2012, og fann kvarandre der. Det var på «Sogn Jord- og Fruktbarheitsskule», så klart. Me vart ikkje kjærastar før på tampen av det siste året i Aurland. Gardsplanlegginga og kollektivet på garden var allereie planlagt. Det at Sigmund tok mot til seg og spurte meg om eg ville vere kjærasten hans, var ein stor risiko. Det kunne jo slå feil ut. Men han tok sjansen. Det er eg veldig glad for i dag.
Kva gjer de i dag?
Me forpaktar ein gard på Sørre Leine i Valdres. Planen er etter kvart å overta familiegarden til Sigmund, der han har odel. Når det blir, er enno usikkert.
Me driv økologisk mjølkeproduksjon med kyr av to gamle norske raser; Dølafe og Vestlandsk Fjordfe. Me driv to stølar om sumaren og ein stølskafé. I tillegg til tradisjonell mjølkelevering til Tine, går ein del av mjølka til osteproduksjon. Ost ystar me frå mai til oktober.
Me flytta til Valdres same dagen som me var ferdige i Aurland. Dette var ein kjempefordel sidan me hadde all lærdommen og praksisen friskt i minne. Ein annan fordel var at me var fem personar som flytta i lag og skulle drive som eit gardskollektiv. Me anla ein stor grønsakshage, kjøpte to mjølkekyr og 15 geitekillingar.
Det er kjekt å vera fleire på ein gard, spesielt om sumaren når det er mykje å gjere ute. Å bu alle i same hus om vinteren vart kanskje noko trongt og av fleire grunnar var det att berre meg og Sigmund på Leine etter eit år. Dette vara ikkje lenge, for no meldte me oss inn i Wwoof- Norway og sidan har me nesten ikkje hatt huset for oss sjølve. Me treff så mykje trivelege og arbeidssame folk, og gardsyrket følast korkje einsamt eller usosialt!
I dag har me ti mjølkekyr, ingen geiter, men eg har ein fjording som står på ein annan gard i lag med andre hestar. Me har gamalt, men stort fjøs kor me kan køyre inn i kjellaren med traktor. Me legg opp møka i kompostranke som me vender med den gamle lauvkompostvendaren frå skulen. Me spreier med ei Gafnervogn (tørrgjødselvogn) me får låne av Sigmunds foreldre.
Me har stor høytørke og tek heile fyrsteslåtten til høy. Andreslåtten blir rundballar eller går til beite. Ysteverksemda aukar kvart år , og tilbakemeldingene er gode. Ida jobbar i 75% stilling utanom garden, og kjem til å gjera det så lenge me leiger gard. Når me får oss eigen gard vil ho satse fullt på garden. Favoritten hennar er ysting og stølsturisme.
Kva har skulegangen på Sogn Jord – og Hagebruksskule betydd for gardsdrifta?
Det var heilt avgjerande for drifta vår at me hadde gått i Aurland. For det fyrste hadde me ikkje møttes elles, for det andre så har me skaffa oss kompetanse og eit nettverk av folk me ofte er i kontakt med, både lærarar og medelevar. I store eller små saker har me alltid relevante personar å prate med. Det er verdifullt når ein sit aleine og skal klare seg sjølv og drive gard. Det at det er ein heiløkologisk skule er og viktig. Lærarane er kompetente og lot oss gå djupt inn i faga.
Kva tykkjer de er viktig med økologisk landbruk?
Det viktigaste for Ida er at dyrevelferden vert sett høgt og at dyra får kjenne frisk luft og røre på kroppen kvar dag heile året. Me set pris på at me sjølv kan ete og tilby andre lokal, naturleg, usprøyta mat. Det å drive økologisk og vere Debio-sertifisert gjev eit kvalitetsstempel.
Vil de anbefale andre å forpakte eit gardsbruk i startsfasa?
Ja! Det er ein god måte å komme i gang med gardsdrift på, i staden for å gå og leite etter gard til sal og jobbe med noko ein ikkje likar på si. Forpaktar du, kan du jobbe med noko du likar medan du leitar etter eige bruk. På leigd gard kan du og byggje deg opp ei besetning og ein utstyrspark. Du får dessutan mykje god erfaring.
De er interesserte i gamle, norske kuraser. Korleis og når kom interessa?
For Sigmund var det heilt nytt at det fantast gamle, norske storferaser, og av den grunn veldig spennande. Ida hadde vore borti Dølafe og Telemarkskyr før og kjente godt til dei gamle rasene. Begge er me interesserte i stølsdrift og ekstensiv (langsam) drift. Då passa desse lette, nøysame dyra inn i vår plan. I tillegg føler me at me gjer ein viktig bevaringsjobb. Sigmund er livdyrkontakt i Fjordfelaget og veldig engasjert i avlsarbeid og bevaringsarbeid for denne kulturskatten. Og så synes me dei er vakre. Turistane på stølskafeen kommenterer ofte kyra, og likar at dei er litt utanom det vanlege.
Kva er det beste minnet frå Sogn Jord og Hagebruksskule?
Ida sitt beste minne er reinsjakt og garnfiske med Torvald og Marco, og sumaruka på Sinjarheim med geitene. Me har mange gode “kvardagsminner” som sumarkurset med lange dagar med silolegging med Per og Torvald, luking i bikini med Monica ein tidleg sumarmorgon, matfestival i Bergen, sauesanking med Even, forvelling av umenneskelige mengder brokkoli med Nat, adventsirkel i gardsbarnehagen, ljåslått med Per, pære- og epleslang, dagevis med pressing av juice, pizzafester i grindbygget, lause killingar i fjøset som hoppar frå ku til ku.
Vil de anbefale skulen til andre?
Ja! Fordi det er den einaste heiløkologiske skulen i landet, og eit viktig inspirasjonssenter for kommande og etablerte bønder. Undervisninga har høg kvalitet, lærerane og dei tilsette er dyktige og har ofte stor faglig tyngde. Mange har lang erfaring med økologisk drift, og har vore med å kjempe for skulen i fleire tiår. Nettopp fordi me ikkje har råd til å miste han.