Ut å svi smalahove

Å ete smalahove er å nytte ressursane frå eit slakt fullt ut. Elevane har vore ute å svidd smalahove – ein tidligare kvardagskost på Vestlandet. Sjå film korleis her!

Smalahove

Det er haust og tid for smalahove. Eller «sauehove» som ein seier i Aurland. Lærar Torvald har teke elevane ut for å tenne bål og svi sauehovud. Dette er dyr som elevane har slakta og partert. For elevane blir dette eit etterlengta avbrekk mellom tung teori og oppgåver i driftplanlegging.

Foredling er eit viktig fagområde på SJH. «I dag er smalahove ein delikatesse som blir  servert i festlege lag. Då eg var gutunge var det hausteleg kvardagskost på Vestlandet», kan Torvald fortelje.  Det heile oppstod kring juletider då det var naudsynt å nytte restane på dyret. Ordet kjem frå dialektordet smala som tydar sau eller småfe.

Sjå film her!

Poenget med å svi er å fjerne hår slik at huda vert rein. Elevane står over bålet; dei svir, skrapar og svir enda meir. Den velutvikla tyggjemuskelen rundt kjaken er det møraste kjøtet på heile sauen. Når håra er svidd av, delar elevane hovudet på langs og reinskjer det innvendig. Hovuda skal liggje i rennande vatn i eit døgn. Det kan så røykast, eller berre saltast og frysast. Hjernemassen kan ein nytte til å garve skinn.

Lærar Torvald fortel at det var stas å få smalahove på tallerken – feitt, mektig og smakfullt. «Siste sundag før jul var det Skoltesundag. Då åt me dei siste hovuda», fortel han. Etter jul er det elevane sin tur til å smake. Då vert det nyttårsfest med sauehove og tilbehør for elevar i Vg3 på SJH.

Skulen der du lærar å sjå, ta vare på og nytte ressursane rundt deg.

//sjh.no/kontakt/sok-naa/