Rektor hedra med Økoprisen 2015

Måndag 30. november fekk Bjørg Fritsvold “Økoprisen Vestlandet” for sitt engasjement for økosaka og måten hun har leia Sogn- jord og hagebrukskule gjennom ei krevjande tid. Prisen blir delt ut kvart år av Oikos Vest og dei økologisk rettleiingsorganisjonane på Vestlandet. Utdelinga fann stad under opning av utstillinga om arbeidet for å redde jordbrukskulen i Aurland.

– Eg er berre takksam for at livet vart slik at eg fekk bruke store delar av tida på SJH, og til å kjempa for eit anna landbruk. Kanskje tok eg spørsmålet om skulen sin eksistens for alvorlig, men eg såg det som mi oppgåve at verda skulle vita kva som stod på spel, fortalde Bjørg Fritsvold til Sogn Avis i forbindelse med overrekkinga.

Tidlegare prisvinnarar:

2005: Sogn Jord- og Hagebruksskule, Aurland

2006: Finnegarden, Voss

2007: Godt Brød

2008: Kari Haga og Nils Vange, Vik

2009: Hanne Frostad (Spisestedet Høyden)

2010: Pascale Baudonnel, Undredal

2011: Homlagarden, Norheimsund

2012: Balholm, Balestrand

2013: Reindyrka, Bergen

2014: Hilde Buer og Anders Braanaas

Prisutdelarane: Oikos Vest er regionlaget til ”Oikos – økologisk Norge”, og dekker Hordaland og Sogn og Fjordane, og er administrator av prisen. Oikos si oppgåve er å fremje økologisk landbruk, og medlemane er både forbrukarar og produsentar. Økoringen Vest er ein organisasjon for økologisk interesserte gardbrukarar i Sogn og Fjordane og andre som vil fremje eit økologisk landbruk, medan den tredje prisutdelaren er det økologiske fagrådet til Norsk Landbruksrådgiving Hordaland.

Økosving

Der vart og dansa ein glad sving under seansen da rektor Bjørg Frittzvold fekk utdelt økoprisen 2015.

Vi er stolte av rektoren vår og gratulerar Bjørg Fritsvold med ein velfortent pris!