Det er plass til fleire!

Har du handla på Bondens Marknad i Bergen har du kanskje treft  Dag Kyrre Lygre. Han gjekk ut frå SJH i 1999. I dag driv han eigen gard med kona Veronica. Dei foredlar all mjølk sjølv og sel mesteparten av produkta direkte på marknader. Han er siste mann ut i spalta “Tidligare elevar”Han meiner det er plass til fleire småskalaprodusentar.

IMG_4632  Hage med våningshus

 Kva gjer du i dag?

Eg driv gard i Lygre, Fusa kommune i Hordland, i lag med kona mi Veronica. Garden ligg sørvendt mot Lygrepollen, med bratt skog og berg rundt. Vi har 60 mjølkegeit, og foredlar all mjølka sjølve, hovudsakleg til brun geitost. Vi held på å bygge nytt ysteri, der vi kan lage kvitost og andre ting. Vi får sjå kva tida strekk til.

IMG_4969 IMG_4694

Vi er glade i ekstensiv drift, og geitene kjem ut på beite stort sett heile året. No om vinteren finn dei litt lyng og einer, i tillegg får dei høy og litt bygg som vi valsar. Kjea går med mødrene til kring 6 vekers alder, då vi slaktar dei vi ikkje treng som grillkje.

Vi sel mesteparten av produkta våre på Bondens marked i Bergen. I tillegg leverer vi til ei handfull butikkar, dei fleste lokale. Det er stor etterspurnad, og det er nok plass for mange fleire småskala produsentar i marknaden.

Forside

 

Kva har skulegongen din ved SJH betydd for ditt virke?

Den har nok betydd svært mykje. Eg var jo berre 17 år då eg starta, og langt frå sikker på å bli bonde. Eg likte meg svært godt allereie fyrste hausten, og internatlivet var sosialt.

Eg trur ikkje eg den gongen skjøna, eller fullt ut sette pris på den faglege kompetansen som eksisterar på skulen. Eg hugsar dei engasjerte lærarane, og veit no at det var ei svært vidtfamnande utdanning, med mekanisk/sveising, bygningslære, jord og hagebruk, gartneri og fjøs, samt foredling og mykje meir. Eg trur det er avgjerande for å lukkast som øko-bonde å ha mykje og variert basiskunnskap, eit verdigrunnlag for økologi, og ha klare mål for kvar ein vil. Dei to fyrste momenta fekk eg i rikeleg monn på SJH.

Les meir om SJH! 

Kvifor syntes du det er viktig med økologisk landbruk?

Det vert meir og meir tydeleg dette vi har visst lenge: det går ikkje an å basere eit levedyktig samfunn og landbruk på pesticider, kunstgjødsel, utnytting av menneske i andre land, og med eit husdyrhold der dyra vert behandla som produksjonsmaskiner. Det fører til problem. Eg synest det er kjekt å halde på med noko som gjev løysingar. For det er det vi gjer som øko-bønder, og vi veit det går an! Worldwatch institute konkluderte for nokre år sidan at økologisk landbruk ikkje berre ville auke verdas matproduksjon, men at det er den einaste måten å bli kvitt hungersnauden i verda. Dette viste også den unge risbonden i Bahir området i India, då han i 2012 sette verdsrekord i risavling. Med lokale frøsortar, kompost, større planteavstand og mindre bruk av vatn, oppnådde han over 22tonn/ha, mot verdsgjennomsnittet på 4-5, og langt over nokon GMO avlingar. Økologisk landbruk er ikkje berre viktig, det er løysinga, eller ein del av løysinga for å komme ut av det uføret vi er i. Det er morgondagens landbruk.

Kva er ditt beste minne?

Vanskeleg å sei. Eg trur det må vere det sosiale felleskapet vi hadde på skulen, og alle dei fine folka som gjekk der. Eg kom rett frå fyrste år på vidaregåande, og alt var veldig annleis enn det eg var vane med. Eg hugsar det vart innført forbod mot strikkepinnar i metall i undervisningstimane, fordi dei laga for mykje lyd når folk mista dei på golvet. Det rare var kanskje at eg følte meg mykje meir heime her, enn eg hadde gjort på nokon annan skule. Folk hadde så mange ulike interesser, og var, kva skal eg sei, meir ekte? Det var alltid eit eller anna som skjedde, anten det var i treverkstaden, filmklubb, nokon laga badstove ved fossen, eller det å sitje under tuntreet med ein kaffekopp og diskutere småskala produksjonssystem for utegangarhøns.

Les om fleire tidligare elevar her.

Søk her

IMG_4611IMG_4681

,