Driv slektsgarden med 134 geit

Tidligare SJH-elev Einar Lie driv no slektsgarden i lag med kona Gøril. Dei produserar geitemjølk, geitepølse og kjekjøtt. Tida på SJH var ein god motivasjonsfaktor for å overta garden

Familien driv i dag garden Lie i Aurland. Foto: Arne Veum / Norges Bondelag

Familien driv i dag garden Lie i Aurland. Foto: Arne Veum / Norges Bondelag

Når gjekk du ut av skolen? 

Eg var ferdig våren 1997

Kva gjer du i dag?

I dag driv eg slektsgarden her i Li i Aurland. Kona mi Gøril og eg driv garden på heiltid. Produksjonen er geitemjølk, geitepølse og kjekjøt. Me har 134 geiter og ei kvote på 78.000 liter. Fjøsen er nyleg oppgradert med ny mjølkestall og eigen kjefjøs, noko som fungerar bra. Garden er tungdriven med bratte jorder spreidd utover på mange små teigar. Om sommaren er geitene på stølen i Stondalen der ei budeie tek mykje av arbeidet. Geitedrifta gir god variasjon i arbeidet. Me har vinter med kjeing, skogsarbeid og vedhogst. Våren er travel med mjølking, våronn og gjerdetilsyn. Om sommaren må ein hauste graset, buføre til støls, avløyse budeia. Men hausten er den rolegaste tida. Når ein er ferdig med å køyre ut møk og geitene er avsina. Da kan me unne oss rolege dagar om ikkje eit eller anna prosjekt dukkar opp og det gjer det som regel alltid.

Noen av de 134 geitene Einar har ansvar for.

Noen av de 134 geitene Einar har ansvar for.

Kva har skulegongen din ved SJH betydd for ditt virke?

Tida på SJH var først og fremst ein god motivasjonsfaktor for å overta garden og jobba innanfor jordbruket. Mykje av undervisninga dreide seg om heilt andre ting enn dei arbeidsoppgåvene eg gjer på garden idag. Likevel fekk eg ein heil del arbeidstrening gjennom øvingar i skuletida og fjøsarbeid i feriar. Eg fekk og eit vidare perspektiv på jordbruket og ulike produksjonar. Skulen har òg  vore viktig for meg med tanke på å driva jorda godt – sjølv om eg ikkje driv økologisk. No skulle eg skulle gjerne hat litt etterutdanning i jordarbeiding og grindbygg!

Kvifor syntes du det er viktig med økologisk landbruk?

Eg tykte det var viktig for å ta vare på miljøet. Argumentasjonen for økologisk drift høyrdes rett og slett fornuftig ut: kortreist, lokale ressursar, langsiktig, bærekraftig drift.

Kva er ditt beste minne?

Det må væra frå prøvefiske ved Melahytta. Garna hadde frose fast i ny is i løpet av natta, og det blei ei kald fornøyelse å ta dei opp att. Eg hugsar Lærar Sjur Herman Rørlien vassa ut til langt opp på låret for å få opp dei siste garna.

Einar LIe

Eit av de beste minna var frå prøvefiske i eit av de mange fiskevatn i Aurland.

 

,