Vart fôrrådgjevar og økologisk gardbrukar

Turid Haga Vange frå Vik i Sogn jobbar om TINE-rådgjevar og har eigen gard som ho driv økologisk med 42 mjølkekyr. Les som kva skulegangen på SJH fekk å seie for henne!

Turid Haga Vange

Foto: Nils Grønning, LocationsInNorway

Når gjekk du ut frå SJH?

Eg gjekk ut frå SJH våren 2008.

Kva gjer du i dag? 

Eg jobbar som fagrådgjevar på fôring og mjølkerobot i TINE. Eg jobbar tett ut i mot mjølkebønder som ynskjer råd og oppfylgjing på fôring, anten det er korleis årets grovfôrkvalitet skal kombinerast med ulike kraftfôrtypar, eller det er ynskje om fôrplanar for buskapen. Fôret står for heile 70 % av dei variable kostnadane i mjølkeproduksjonen , so det er viktig å optimalisera fôringi på garden for å få ein betre totaløkonomi.

Dei fleste av mjølkerobotane kan fjernstyrast, so som robotrådgjevar tek eg noko av arbeidet med fôrprogrammering inn på kontoret. Det gjer at eg nyttar tida på garden til å vera mest ute i fjosen der bonden og dyra er, det er der fasiten for fôringa ligg.

I tillegg til å jobba med bønder har eg eit breitt fagleg nettverk blant kollegaer i Topp Team Fôring i TINE. Me diskuterer dagleg problemstillingar som oppstår, og løyser det i fellesskap. Mykje av denne erfaringsutvekslinga skjer via telefon og e-post, då me er spreidd over heile landet.

I desember 2013 kjøpte eg heimgarden og vart økologisk mjølkeprodusent i Vik i Sogn. Her har eg 42 mjølkekyr med fullt påsett, i tillegg til 16 slakteoksar.

Turid Haga Vange

Ka har skulegongen din ved SJH betydd for ditt virke?

For meg har skulegongen på SJH hatt avgjerande betyding for vidare val av utdanning og yrke. Eg er fødd og oppvaksen på gard. Eg har heile livet vore interessert og aktiv i gardsdrifta, men ikkje vore fast bestemd på å overta. Det er ei særs stor avgjersle å ta, anten ein vel å overta eller sei frå seg garden. For å få “meir kjøt på beinet”, og å læra om fleire sider ved landbruket valde eg difor å byrja på SJH etter å  ha fullført vidaregåande med full realfagsfordjuping. Eg forsto ganske raskt etter eg byrja på SJH at eg kom til å verta verande i landbruket og søkte meg difor til Ås etter eg var ferdig i 2008. På Husdyrvitskap på NMBU drog eg stor nytte av åra mine på SJH. Praktisk utdanning, samt praktisk erfaring frå landbruket gjorde dei tunge, teoretiske faga interessante frå fyrste forelesing. Det å forstå enno meir av drøvtyggarfysiologien er ekstra interessant når ein veit korleis kyri ser ut, og fôringa praktisk skjer i fjosen m.m. Eg gjekk ut frå Ås i 2011 med ei Bachelorgrad i Husdyrvitskap, og byrja i TINE same haust.

Kvifor syntes du det er viktig med økologisk landbruk?

Når far min la om garden til økologisk drift i 1989 var det med omsyn til framtidig generasjon. Eg var 3 og bror min 2 år, so det var vår generasjon. Far min opplevde at avlingane var dei same utan bruk av kunstgjødning, og at mogleg skadeverknad av sprøytemidlar var meir til bekymring. Eit bærekraftig landbruk vert stadig viktigare for vår og framtidige generasjonar. Det er eit alternativ til intensiv, konvensjonell drift.

Det gagnar både miljø, dyr og eige driftsresultat at ein jobbar i tråd med naturen, vel vitande om at “alt heng saman med alt”.

Ka er ditt beste minne? 

Bryggefest hjå Sjur H etter fullført eksamen.