Betre rusta til å tenkja kreativt!

Siri Folven frå Stryn vil ikkje vore utan tida i Aurland. Ho minst godt dei inspirerande lærarane. Ho meiner skulen gjorde ho betre rusta til å tenkja kreativt og nytt innan landbruk.

meg og Hallgrim

Når gjekk du ut av skolen?

Eg byrja på SJH hausten 2007, og var ferdige sommaren 2010.

Kva gjer du i dag? 

I dag bur eg på 70 grader nord og jobbar som produksjonsarbeidar for NOFI Tromsø AS, på pvc-avdelinga, dvs. at eg produserar oljelenser og liknande. På fritida hjelper eg litt til på garden som kjærasten min og ekskona hans eig og driv. Dei har eit heilt nytt, moderne fjøs med ammeku, med eiga merkevare. Garden i seg sjølv er eit bureisingsbruk, så der er ein del utviklingsplaner og nok å ta tak i for alle.

fjøsen

Kva har skulegongen din ved SJH betydd for ditt virke? 

Skuletida på SJH har betydd mykje for kven eg er i dag og kva eg held på med. Sidan eg gikk ut av skulen har eg i all hovudsak jobba som avløysar på heimgarden, fram til eg flytta nordover no i sommar. Eg har planar om å på sikt leve heilt og fult av landbruksrelatert næring, utan å heilt konkret kunne seie kva endå. Her er tre store gardsbruk i fjorden, som kan trenge arbeidskraft. Her er mykje uutnytta ressursar knytt til landbruk. Og eg har odel på ein gard i Sogn og Fjordane. Så mulegheitene er mange! 
Tida på SJH hjelpte meg til å lære mykje om forskjellege ting, som foredling, dyrking, teknikk, skogbruk, kulturlandskapspleie, husdyrhald, stølsdrift, tradisjonar, samanhengar og mykje, mykje meir. Noko som gjer meg betre rusta til å vere kreativ og tenkje nytt, innan landbruk og andre ting. Eg fikk også erfare viktigheita av å vere ein optimistisk realist, noko som har kome godt med i dei aller fleste samanhengar.
Tida mi i Aurland ville eg ikkje vore utan, ein får eit heilt nytt syn på mange ting der, og ein vert sterkare knytt til jorda og naturen.

Kvifor syntes du det er viktig med økologisk landbruk?

Økologisk landbruk er viktig for å få produsert mat på ein måte som er i tråd med naturen. Ein har eit anna fokus på bl.a. agronomi, dyrehelse, fôr, produksjonslinje enn i mange konvensjonelle drifter. For ein er i ei langt større grad avhengig av at ein jobbar på lag med naturen, om ein driv økologisk. Eg synest og at økologiske prinsipp er veldig viktig å kunne, enten ein driv økologisk eller konvensjonelt, for det gagnar både naturen og drifta.

Kva er ditt beste minne? 

Der er så mange å velje i. Eg hugsar trivelege kveldar i “kommunehuset” med pianospel og felles spleisemiddagar. Sinjarheim og sommarkurset, der vi tusla berrføtte rundt og mjølka geiter, for så å koke ost. Fjellturar med Thorvald som turleiar, i regn og sur vind, fantastisk arti! Jørgen som lærte oss om tradisjonell skogsdrift, og alltid hadde artige ord og overtruiske forteljingar, som “sprakje” og “klomsekonn”. Kjøtforedlinga med lange dagar i fjordkjøkenet, samt tur til Vikja slakteri. Kristin som lærte oss om fordøyinga hjå drøvtyggjarar, og viste oss det i praksis medan mobilslakteriet var på skulen. Det er mange gode minner å tenkje tilbake på.