Fotokunstnar og sauebonde Jens Hauge (1953) minnast tida før skulen gjekk over til økologisk drift. Rektoren på 70-tallet var ein pioner i si tid. Hauge har no donert fleire foto til Redd økoskulen-kampanjen og har eit brennande hjarte for fagmiljøet ved skulen.
Ka gjer du no?
Kona og eg overtok farsgarden min på Hauge i Lærdal i 1991. Fyrst dreiv me med grønsaksproduksjon og sau. No har me berre sauene att, mest Norsk kvit sau men òg litt pelssau. Her er gode innmarksbeite og fjellbeite. Me har fram til no sluppe unna jerveskade. Stort sett kjem dei att, alle dyra me sender til fjells. Det gjer det enklare å halda fram.
Eg har arbeidd med fotografi som kunstnarleg uttrykk sidan 70-talet, og byrja som so mange andre med klassisk svart-kvitt fotografi og eige mørkerom. Eg fotograferer framleis mykje med film, men no digitaliserar eg negativa og bearbeidar dei på skjerm. Eg har utforska mange motivområde og i byrjinga var eg svært interessert i surrealisme. So har det vore mykje klassisk landskapsfotografi, kulturlandskap og forskjellige prosjekt. Eitt prosjekt med leikehytter blei ei prisløna bok, med tekst av Frode Grytten. No har eg eit anna stort prosjekt gåande, eit subjektivt portrett av Norge fotografert frå passasjersetet i buss – som heiter «gjennom.no» . I samband med den siste store separatutstillinga mi vart det laga ei bok med oppsummering av arbeidet mitt i perioden 1970 til 2012.
Når gjekk du ut av SJH? Korleis var det da?
Eg gjekk ut i 1972. Den gong var det jo ikkje økologisk. Det var ein heilt vanleg jordbruksskule, med flinke lærarar. Eg hugsar godt at rektor Torvik sa «Det er dei som meinar at me korkje skal gjødsle med kunstgjødsel eller sprøyte jorda. Men det lærer me ikkje her på skulen». Berre nokre år seinare vart han ein varm talsmann for det økologiske jordbruket, og skulen blei lagt om til økologisk drift i hans tid.
Torvik var også aktiv i lokalpolitikken, og eg hugsar at han trekte oss elevane med i planlegginga av den nye barne- og ungdomsskulen. Han var visjonær og ein framifrå pedagog.
Eg var kunstinteressert og alt på den tida riven mellom interessa for kunst og interessa for landbruk. På skulen var det et etter måten godt mørkerom, og eg tilbrakte mange timar der. Kanskje litt for mange timar. Der var det også slik at rektor Torvik var støttande og sytte for at alt fungerte som det skulle på mørkerommet.
Kvifor brenn hjartet ditt fortsatt for SJH?
Det er utruleg viktig å ha kompetansen og fagmiljøet her i Sogn. Skulen er heile tida med på å visa eit korrektiv til det konvensjonelle jordbruket og fører til at bønder i heile regionen får impulsar og nye tankar. Det dei lærer på tradisjonelle jordbruksskular og ved overlevering av kunnskap frå foreldra, er ikkje tilstrekkeleg. Me treng Sogn Jord- og Hagebruksskule!
Kva har skulegongen din ved SJH betydd for ditt virke?
Eg blei glad i Aurland, det er ein ting. Så var det jo dette mørkerommet, som nemnt. Når det gjeld det jordbruksfaglege, so fekk eg mykje teoretisk kunnskap som eg ikkje hadde fått i oppveksten heime, sjølv om eg hadde vore mykje med i gardsdrifta då me hadde kyr. Men eg må vel innrømme at mykje av denne kunnskapen var gløymt då det nærma seg overtaking hjå oss. Så det vart til at kona og eg tok eit år på jordbruksskulen på Voss, på agroteknikarlinja, tidleg på 80-talet. Her var me òg med på fleire samlingar om økologisk jordbruk.
Kvifor syntes du det er viktig med økologisk landbruk?
Det er so opplagt og innlysande at eg nesten ikkje finn ord. Økologisk landbruk tek utgangspunkt i naturen sitt eige kretsløp. Det er det einaste logiske å gjera.
Kva er ditt beste minne?
Frå tida i Aurland trur eg kanskje alle turane eg gjekk på ettermiddagane og i helgane, til små grender og høgdegardar, vil stå att i minnet mitt for alltid. På den tida var det ikkje god kommunikasjon til Lærdal, så etter at fjellvegen stengte i slutten av september var eg berre heime ein gong før jul. Skulle du ut av Aurland den gong, var det Flåmsbana eller ferge (som gjekk to gonger i døgnet). Det er noko heilt annleis for dagens elevar. Men eg hadde stor glede av Aurlandsnaturen og har alltid likt å koma tilbake hit.