Matjournalist og bokdebutant eit år etter SJH

Siri HelleSiri Helle gjekk ut frå SJH våren 2013. No jobbar som journalist i Dag og Tid og skriv om mat og jordbruk. Ho har nett gitt ut si fyrste bok: Handle rett- Lure val i ein matbransje full av juks. Ho er fyrste elev vi presenterar i vår nye spalte tidligare elevar kor vi ynskjer å vise ka det blei av nokre som har utdanna seg til å bli agronomer i økologisk landbruk.

Kva har skulegongen din ved SJH betydd for ditt virke?

Mykje – men på ein annan måte enn eg hadde trudd då eg gjekk der! Vi har eit veldig skeivt syn på mat i Noreg i dag – den skal fyrst og fremst vere billeg, enkel og tilgjengeleg. Denne skeivheita kjem av at vi har så liten kontakt med råvarene og matproduksjonen. Å ha fyrstehandskjennskap til jordbruk er kjempeviktig for å kunne skrive riktig og viktig om det. Eg møter eit stort behov for slik kunnskap.

Kvifor syntes du det er viktig med økologisk landbruk?

Fordi det økologiske jordbruket svarar best på dei utfordringa verda står ovanfor no. Då den “grøne revolusjonen” vart gjennomførd på syttitalet var behovet store mengder mat fort – og det behovet dekka det industrielle jordbruket. No er behovet ein berekraftig matproduksjon som står seg mot – og helst bidreg til å redusere – klimaendringane og nyttegjer seg av dei ressursane vi har att på best mogleg måte. Då er ikkje storskala industriproduksjon løysinga lenger, men derimot ein økologisk matproduksjon.

Kva er ditt beste minne?

DSC_0544Hm – er det lov å sei folka, dyra, naturen, stemninga, engasjementet og undervisninga? SJH kjem som ein perfekt pakke… Må eg likevel velje eitt vert det nok kløvturen til Sinjarheim – med hest kløvja vi kraftfôr opp og ost ned frå stølen i Aurlandsdalen. Ikkje berre var det ei fantastisk naturoppleving med den grøne dalen full av vatn og markjordbær, ein får enorm respekt for hesten som tek seg opp og fram dei bratte, smale stiane; arbeidet krev og gjev tillit. Sist, men ikkje minst, er kjensla av tid og tilhøyrigheit: dette har folk gjort, akkurat her, akkurat slik, i mange hundre år. Det meste kan ramle ned, vi har geita mellom beina og mjølkar ho med hendene. Det vi lærer, det varer, og stoltheit er gåsehud i nakken og mjølkesyre i underarmane.

Les meir om boka hennar her: http://www.bondebladet.no/marked/vil-at-vi-skal-handle-%E2%80%A8og-ete-annleis-2/

Her er eit utdrag frå siste Dag og Tid kor Siri Helle tek for seg den auka bruken av kraftfôr: http://www.dagogtid.no/nar-kraftforet-tek/