Aurlandsseminar om Kretsløpslandbruk – Landbruk for Framtida – 7.-9. mars 2014

Minner om Aurlandsseminaret 2014, 7.-9.mars «KRETSLØPSLANDBRUK – Landbruk for framtida» – arrangement i regi av elevar og tilsette ved Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH).

Program for Aurlandsseminaret 2014

Seminaret vil by på mykje praktisk og teoretisk kunnskap og inspirasjon. Dyktige og inspirerande foredragshaldarar og mange engasjerte deltakarar. Vurderer du å bli elev på SJH er dette eit fint høve til å bli bedre kjent med oss. Ta kontakt dersom du ynskjer samtale og omvising på skulen.

Her er buketten med foredragshaldarar, sterke fagfolk som har tilbydd seg å koma til SJH for å gje oss dei same foredraga som mange fekk høyre av dei under ØkoOslo i haust. Det er ei gave som vi på Sogn Jord- og hagebruksskule har teke i mot med stor takk!

  • Vidar Rune Synnevåg – Økolog, arkitekt og bonde: «Visdomsperspektivet».
  • Emil Mohr – Debio: «Økologisk landbruk i samanheng med klima, miliø og ressursforvaltning».
  • Kristian Ormset – Vitalanalyse: «Sunn jord gir sunne planter, som gir sunne dyr og mennesker» – betydningen av levende matjord».
  • Grete Lene Serikstad – Bioforsk Økologisk: «Økologisk landbruk og matkvalitet».
  • Ove Jakobsen – Professor i økologisk økonomi: «Kretsløpsøkonomi».
  • Arvid Wold – bonde og økolog: “Økologisk landbruk under ein høgare himmel”

Du kan lesa kort om bakgrunnen til foredragshaldarane på denne sida

Seminaravgift kr 750 for heile seminaret, inkludert mat. Overnatting kjem utanom, praktiske opplysingar om dette blir lagt ut her. Du må sjølv tinge overnatting på ein av overnattingsstadane i nærleiken av SJH eller andre stader.

Mvh. SJH-elevar og lærarar