Gull for “Lykla”

“Lykla”, salatosten av rå geitemjølk, frå Rallarrosa stølsysteri fekk gullmedalje på Landsutstillinga for gardsost i Stavanger 5.- 7. oktober 2011.
Det er Maria Ballhaus (tilsett ved Sogn Jord- og Hagebruksskule) som har ysta salatosten.

Rallarrosa stølsysteri i Flåmsdalen vart starta opp i fjor sommar og vert dreven av Anne Kari Dalsbotten i samarbeid med Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH).

Ysteriet på Sogn Jord- og Hagebruksskule fekk bronse for gamalost og kvitost av rå kumjølk.
Maria Ballhaus har ysta desse ostane òg.

I tillegg fekk Undredal Stølsysteri gullmedalje for “Sognakvitost” (ung usalta kvit geitost) og bronsemedalje for brun geitost.

Her finn du liste over ostane som fekk gull, sølv og bronse på Landsutstillinga for gardsost 2011.

Gratulerer Maria, Anne Kari, Rallarrosa Stølsysteri og SJH !!!